Ting som har vorte forsømte i det siste:
- Blogg
- Gladbok
- Gladbok
- Skriving generelt
- Skulearbeid
- Fysisk aktivitet
- Husarbeid
- Søvn
- June-tid
- June-tid
Ting som ikkje har vorte forsømte i det siste:
- Dårlig samvit
- Meir dårlig samvit
- Endå meir dårleg samvit
På tide å starte på nytt, då.
Og kva er vel ein betre start enn dette:
Eg lova jo eit blogginnlegg om dåpen til Det Høgt Elska Gudbarnet, så no kan dykk - unnskyld; du (Henriette) - sleppe fri frå pinebenken, og lene deg godt tilbake og nyte showet:
Alexander får det magiske vatnet over seg!
Note to self den dagen:
1) Late vere å tryne i dåpskjolen... Check!
2) Seie rett namn til presten... Check!
Det gjekk i det heile teke veldig bra :-)
Det var forresten maks koselig at det var hausttakkefest på same dag som
dåpen, med alle sjenerte fireåringane som gøymde seg bak mamma
eller pappa då dei skulle fram ein og ein for å få bok, men som
var veldig ivrige på å kome fram til døypefonten etterpå.
(På festen etterpå)
Det er meg, det!
Gåvedrysset.
Hovudpersonen sjølv (altså, bortsett frå meg) beheldt
fatninga gjennom det heile.
Ei kake som tok av.
OG NO; til den einaste grunnen til at eg møtte opp:
Oreo-kake OG ostekake!
Need I say more?
Det var den einaste grunnen til at Michelle òg kom.
Ho tok forresten for seg av både det eine og det andre... ;)
Det var ein veldig fin dag. Som eg er SÅ glad for at eg fekk ta del i. Og ikkje minst for at eg fekk vere gudmor, som gjer at Alexander aldri slepp unna meg så lenge han lev, HURRA!
Hahahahahaha, geniale biletkommentarar! Søt baby! Eg vil òg ha baby. Hjelp meg nokon? Alder spelar ingen rolle. NÆRRAKØDDA. Men eg fekk lyst på baby. Serr lzm.
SvarSlett(Ja, ja, ja ... Du er søt du òg, June.)
Ja, det var JAGGU på tide ;p For en herleg, liten familie. Michelle og Tor-Heine er jo så skjønne i lag <3 Blir nok ikkje lenge til bryllaup ;) Då blir vertfall Alexander verdas nydeligsaste brudesvenn(?). Og GUD dissa kakene frista! Heldigvis har eg laga muffins i dag ;P
SvarSlettOG; Hot mama for sure
OG; Bra hovudpersonen kom seg heilskinna gjennom dagen.
giiidamoah! eg blir rørt her! so masse fine bilder :) Trur eg må stjele dei og ha dei inni dåpsalbumet (som alexander fekk av deg) :)
SvarSlettEllers må eg bere få sei til alle her! at JA eg er HOT! :P kor i all verden kjeme brunfargen frå på bilda av meg? :O
hihi¨
Ja no er d bryllaup next.. haha
Silje: Eg tek saka! Serr lzm ;D
SvarSlettHenri: Ikkje sant? Og då blir eg nok hovudpersonen då òg, som brudepike sprettande ut av ei kake ;D
Anonyme Michelle: Stel i vei! PS: Eg må få dåkka bilde frå den dagen!
Brunfargen kjem vel frå ei magisk krukke frå parfymeriet, kanskje? Neida ;) Det er din naturlege aura!