Har fått ei herleg utfordring av Annika, som har si opprinnelse her.
Synest det er kjempeflott. Av alt folk finn på å bruke nettet til, er denne utfordringa - samt dét i forbindelse med innlegget eg la ut i går - noko av det som gjer det verdt å bruke så mykje tid framfor denne skjermen her.
Dette er henta frå eit dikt av Andre Bjerke som eg las for første gong som syttenåring. Det er eit dikt som betyr veldig mykje for meg. Fekk det av ei som òg betyr veldig mykje for meg; ho hadde det hengande på kontoret sitt som ein del av ein kalender med flotte bilete og vers på, som eg stadig beundra når eg var inne hos ho. Dette verset sto på ein av haustmånadene, med bilete av... ja, du kan forresten få sjå sjølv. Eg synest det er så stemningsfullt at det er vanskeleg for meg å beskrive, spesielt no når kreativiteten glimrar med sitt fråvere. Og så er det så mange kjensler for meg knytt til det. Den kalendersida. Det er dei små tinga som eigentleg er dei store. I alle fall når ein kan knyte så mykje til dei: Personar, stader, tankar, følelsar, stemningar, noko godt og trygt, lysglimt i eit mørke. Håp.
Ikkje så godt å sjå, men...
Uansett; eg har no hatt dette vesle, store - for meg - kunstverket hengande på fire forskjellige veggar på under tre år. Fire forskjellige byar. Fire (totalt!) forskjellige husrom. Fire forskjellige epokar. Lik den runddansen som årstidene er, frå kald, mørk vinter til sommarens lettheit.
Ja... Eg vil vidare utfordre Anke, Silje, Kristin og Kristin
Tusen takk for bidraget! Da har jeg lagt ut mitt budskap videoen, sjekk om ditt bildet ble med! http://bit.ly/mittbudskap09 » legg gjerne ut videoen på din blogg også :)
SvarSlettSå utruleg fin videoen blei!
SvarSlettSå fint dikt, eller rettare sagt del av eit dikt <3 Nå må eg finne ut kva eg vil dele med verda.. Hm.
SvarSlettOooog, så fine auger du har, eller rettare sagt auge, for eg ser berre eitt <3
Tusen takk, Silje <3 <3 (PS: Det andre auget ser HEILT annleis ut ;P)
SvarSlett<3
SvarSlett<3
SvarSlett