Det er rart korleis ein så ofte vil vere ein annan stad enn der ein er. Eg lengta etter juleferien i heile haust, då eg skulle reise heim og vere leeenge. Men no, etter tre veker heime (der eg har hatt det FANTASTISK; ikkje misforstå!), byrjar eg å bli småklar for å flytte på meg att. Trur eg.
Kom tilbake til jentene mine, til biblioteket som er OPE (i motsetnad til det her, som er ope seks timar i veka til vanleg, men null timar i veka til jul), til byvandring, til naboen sin katt (som eg i alle fall ALDRI har sluppe inn i leilegheita! Det hadde jo vore heilt sjuukt), til... lengsla om å reise heim.
Allereie no, når eg ser for meg alt det her, kjenner eg lengsla etter den friske lufta, etter stilla, etter momma, mamma, og pusane som eg har LOV til å sleppe inn i hus, turane til Førde, og så vidare. Alt det eg kan strekke ut armen og ta på no, her eg sit i godstolen heime.
Eg må le av meg sjølv. Og det kan du òg få lov til.
Bevismateriale for ei ugjerning som aldri fann stad.
Det er sant, Anke!
Og det der er i alle fall IKKJE mitt glas!
OKEI, då! Men her ser du den skuldige! Dr. Evil, vondskapen sjølv!
Eg opna berre tilfeldigvis døra på vidt gap i minusgrader, samtidig
som eg fekk ei hostekule så det hørtes ut som om eg sa: "Pus, puuuus,
komme då, puuuusen, KOM!", SAMTIDIG med at BEGGE armane
mine vart midlertidig lamma, slik at eg ikkje fekk til å bere
gjerningspersonen ut att. For ein lagnad, midt på høglyse dag!
Men det toppa seg då han byrja å gå til fysisk åtak på mine born.
Då fekk eg kjensla tilbake i armane att.
Resten av kvelden vart tilbragt på ein bossdunk, med lengtande auger
inn mot varmen. (Katten altså.
AVSLUTNINGSVIS: Dette er kva eksamenslesing gjer med folk
Hahaha, du er genial! Eg saknar òg nabokatten din. Kor tid reiser du til Bææææææææærgæææn igjen?
SvarSlettDu òg! ;D Trur eg reise den 14, du då?
SvarSlettHvilken katt sa du? Nei, jeg har aaaaaaldri sett noen katt inne hos oss! For det er jo selvfølgelig ikke samme katta som jeg må dytte vekk fra døra HVER gang jeg kommer hjem, eller samme katte som skremmer vettet av meg HVER gang jeg går gjennom hekken og den sitt på andre sida og stirrer på meg!
SvarSlettMen det er ikke bare du som slipper inn katter skal jeg si deg. En av slektningene mine, som jeg antageligvis ikke har hilst på siden vi begge var småttinger og hadde for dårlig lagringsminne i hjernen til at vi kunne lagre hverandres ansikter til husk senere, var nettopp innom og hentet katta til mora si...som bestemor hadde sluppet inn. Dermed ble bestemors egen katt ståendes utenfor og surke og dunke på ruta...dette skjer visst titt og ofte...her er det snakk om dama som lot villkatter slå leir i vaskerommet, og oppdra en her av kattunger som planla å overta huset.
Og Taff..han har smisket seg innpå meg i Oslo, og vært så kjælen at han holdt på å spenne bein på meg i trappa. 4 dager på rad! Han er søt...men ikke når han er høy på granbar!
Så hvilken katt sa du?
PS. Pusen og lisjepusen...driver de også med doping? Type: tygge på grantreet i stua og så hærje rundt som galninger??
*hær
SvarSlettOg jeg glemte selvfølgelig å kommentere på siste bilde: *kremt* "hva eksamenslesing gjør med folk"? Hallo i luken lissom! Er ikke jeg ALLTID sånn a?! Som om eksamenslesing skulle ha noe å si :P
SvarSlettHva må folk tenke om oss?
Nei du har heilt rett, det er IKKJE same katt ;D Den har nok ein vond tvillingbror! IIIIIIIIIIIIIIIIIIK!
SvarSlettHaha, herleg historie :D:D
Taff er kul som er høg på granbar! Mine pusar er nok ikkje like kule. I alle fall ikkje storemora, som er så kresen at ryggraden er på veg ut av pelsen. Lisjepusen, som er stikk motsatt, er høg på kattemat, gulrotrestar som dett på golvet, julekakesmular som dett på golvet, agurkbitar som dett på golvet, knekkebrødsmular som dett på golvet, osv. Artige krek - den eine er anorektisk og avkommet har ei tvangsetingsliding.
Koz frå gjøkeredet!
PS: Skjønte ikkje hær-rettelsen?
PS2: Folk får tenke kva dei vil! Det er eit fritt land, og i frie land er det lov til å vere zprø ;)