Å, som eg er heldig. I heile dag har det dukka opp fleire og fleire stjerner på min himmel; kjende og kjære.
Dei er der heile tida.
Eit møte med ho som kjenner mine tankar, og som alltid er her.
Eit anna med ei som framleis bryr seg.
Eit tredje med ein eg har delt latter og betruelsar, og budd under same tak som i eit halvt år, med.
Eit kort med rørande ord og tilskot i eit trongt studiebudsjett, frå ekteparet eg budde under i to år.
... min eineståande familie og mine like eineståande og trufaste vener.
Eg har - bevisst eller ubevisst - plukka med meg minst éin spesiell person frå kvar stad eg har vore innom desse siste par åra; personar som ikkje seier farvel, uansett kva for rolle det liksom er meininga at dei skal ha for "sånne som meg". Utrulege menneske, som verkeleg bryr seg.
Tusen takk.
Noko av det verste som fins er kjensla av å vere heilt, heilt åleine i heile verda. Noko ein kan gjere uansett kor mange som er rundt. Det er ikkje kvantiteten det kjem an på, men kvaliteten i ein relasjon.
Det er vanskeleg å våge å sleppe nokon inn i sitt inste, men når ein først har slept éin inn, er døra plutseleg open for fleire óg. Det er fantastisk.
Ensomhet er ikke en lengsel etter selskap,
men etter nært beslektede sjeler.
- Marilyn French -
Dei er her. Hos meg.
Eg må vere fødd under ei lykkestjerne.
Jeg er fordi vi er.
Vi er fordi jeg er.
(...)
Den som ber om hjelp,
er aldri helt hjelpeløs.
(...)
Den som finner noen å dele
tankene med, er aldri helt alene.
(Kong Harald i nyttårstala si)
Junepune! Du er en magnet! Egentlig burde vi henge deg opp på kjøleskapet, for du er en levende visdomsordmagnet, som trekker det beste fram i alle du berører!
SvarSlettI'm stuck ;)
I like the new header too btw =) =)
SvarSlettNice pictures <3
Wonder who that beauty is? =O
Ok, jeg er fullt klar over at jeg driver og spammer kommentarboksen din, men som John Cleese og resten av the frrrrrench people who fart in your general direction sier; "spamalot!"
SvarSlettOk, her er poenget:
Les dette! Mr. Mraz er klok og gjør meg glad!
http://freshnessfactorfivethousand.blogspot.com/2010/01/workstation-jason.html
Åh, eg likar magneter skikkelig godt!!!^^
SvarSlett...
Når det er sagt vil eg gratulere deg med nok eit nydelig innlegg!:) Og sjølv om ikkje Kong Harald nødvendigvis vitjar bloggen og kommentarboksen din jamnlig (noko eg så klart vil oppfordra han til, dersom eg møter han på gata), så må eg nytte høvet til å gratulere han òg med ein ok+ nyttårstale. Den var så fin, den. Takkar for highlights!;)
Anke: <3<3<3 Du er berre for god <3<3
SvarSlettTakk! June prøvar å late som om ho ikkje er teknisk utviklingshemma, og lastar ned fancy fotoprogram for å lage seg ny header, som ho brukar dei neste timane på å prøve å midtstille ;P Kor er Bjarte når vi treng han??
Haha, eg likar den ne trenden din med å skrive tre kommentarar på kvart innlegg ;P
Jason Mraz har bra blogg!!
Runa: Eg òg likar magneter! Og tusen takk ;) Eg trur ikkje at Kong Harald tek seg bryet med å besøke min blogg; eg er jo ikkje på topplista! Han likar nok berre å lese om outfits og makeup lzm ;P (Kong Harald, dersom du mot formoding skulle lese dette, så beklagar eg den kamuflerte tulle-hetsen! Eg likte tala di;))
PS til Runa: "Vitjar" = elsk!
Neste gong eg treng eit visdomsord, skal eg kontakte deg, i staden for google. Fantastisk innlegg!
SvarSlettTusen takk, Silje :) <3
SvarSlett