Berre sjå ut på det kvite og lyselyse - eg trakk opp persiennene i for ein god time sidan og fekk sollyset på husveggen til naboen og den blå himmelen midt i fleisen. Og det var HERLEG!
For eit nydeleg veir! Perfekt for... kva som måtte falle ein inn av gode ting.
Eg har allereie hoppa og spretta i retning butikken for å kjøpe melk til frukosten; då klarte eg forresten å raske med meg ein sånn:
Biletet er googla.
For kvar gong eg har sett på den i butikken, har eg tenkt "ææsj", fordi nokon sa til meg at den var ekkel. Men det gjekk opp for meg at eg har jo aldri smakt den sjølv! Så det blir meget spanande.
Kva var det eg skulle seie? Jo, etter at eg no har vore på butikken og kome heim igjen, og ete frukost, lurer eg på kva eg skal bruke denne herlege dagen til (ein kjenner ikkje dagen før sola går ned, er det visst. Men akkurat i dag ser eg mi ære i å ta gledene på forskot).
Aller først må eg jo på forelesing, men frå klokka to er eg klar for eventyr.
Ja! No veit eg det. Eg trur eg skal ta med meg Mrs. Dalloway og fare på oppdagingsferd i byen.

Tommelopp!
SvarSlettTommeltott!
SvarSlettDet kan nok tenkes den skyldige er meg - den sjokoladen er iallefall en mega skuffelse! Kjøp heller den nye kvikklunsj sjokoladen! :D Hva ble din dom forresten? Det er salg, det er salg, det er salg på sjokolade nå :D
SvarSlettHmmm, trur ikkje at det var du som sa det! Meiner eg høyrte det frå ei anna óg i alle fall. MEN eg synest den var god!!
SvarSlettHæ, SALG på SJOKOLADE NO? Huff, måkje seie sånt til meg! *ikkjebrukepengikkjebrukepengikkjebruke peng*
Mrs Dalloway! Jeg har ikke lest boka, men åh, har du sett The Hours?
SvarSlettRagnhild! Åh, ja eg har sett filmen tre gongar eller noko :) Men du må lese boka! Eg har tjue sider igjen no, og er forelska <3
SvarSlettDette liker jeg svært godt! Takk for det! <3
SvarSlettTorsdags kveld frå nydalen byjar på an igjen på (dette vil nok komme som eit sjokk) torsdag! Jippi :D
SvarSlettEG GLEDAR MEG!
SvarSlettEG ÓG!
SvarSlettSå fint designet blei! :D
SvarSlettTusen takk :)
SvarSlett