Sider

tirsdag 23. februar 2010

Ein sånn dag

I dag har vore ein sånn dag der eg har sett opp på den blå himmelen meir enn éin gong, og blinka mot sola - som har blinka tilbake.






 Og månen!


I dag har vore ein sånn dag der eg har smilt til ein frammand som banna over at brøytekanten ikkje var brøyta (ja, du las rett; det fins folk som forventar sjølv dét)



 Det var ikkje han, altså!



I dag har vore ein sånn dag der eg har teikna hjerte i snøen og ønska å skli på rumpeakebrett.






I dag har vore ein sånn dag der sjølv skulearbeidet har gått leikande lett.


I dag har vore ein sånn dag der eg har laga snøballar og teke bilete mens eg venta på at ei velkjend dør skulle verte opna.








I dag har vore ein sånn dag der eg har smilt og kjend meg komplett lukkeleg då eg ein time seinare klemte "på gjensyn" til snakkedama då eg gjekk ut døra, ut i den byrjande blåtimen.



 Du ser det ikkje, men det er ein sommarfugl!
Heilt "tilfeldig".

Sjå, eg skal hjelpe deg: 


Det er det framste symbolet på håp for meg.


I dag har vore ein sånn dag der eg har ønska å ta bilete av alt eg har sett for at den skulle vare for alltid.






I dag har vore ein nydeleg dag.



... der eg har elska Laksevåg til og med.




Børst snøen av skuldrane, Bestemor Piletre, for vi går mot vår!



 

10 kommentarer:

  1. jeg er så psykt fan av det siste treet der! går alltid og beundrer det!

    SvarSlett
  2. Ikkje sant? :) tenk så fint det blir når det får blad på seg.

    SvarSlett
  3. Eg kjenner meg igjen på i alle fall to av bileta ;)

    Fine bilete! Eg blir glad av å lese slike innlegg <3 VAKKERT!

    SvarSlett
  4. Eg kjenner meg igjen på i alle fall to av bileta ;)

    Fine bilete! Eg blir glad av å lese slike innlegg <3 VAKKERT!

    SvarSlett
  5. Tusen takk :) Eg blir glad av sånne dagar <3

    SvarSlett
  6. Bestemor Piletre! Pocahontas!

    SvarSlett
  7. EN UKE!?? Abstinenser her frøken! Come on! Blog for the sake of my sanity! (which by the way is long gone but still needy!)

    SvarSlett
  8. Unnskyld :(
    Men det kjem, det kjem :)

    SvarSlett