Sider

onsdag 31. mars 2010

Ting ein oppdagar når ein er sjuk

  • Klokka fire om natta er det i snitt èin person innlogga på Facebook.
  • Det ein vanlegvis synest er best i verda, blir plutseleg dritekkelt (eg klarer ikkje å SJÅ på ei flaske med Pepsi Max. Og korleis eg nokon gong skal kunne ete sjokolade igjen, er utanfor mi fatteevne.
  •  Se og Hør er det einaste som fristar å lese. Eventuelt òg Norsk Ukeblad, dersom eg føler for å heve det intellektuelle nivået.
  • Ein opplever mindre samanbrot ved å oppdage at det ikkje er Paradise Hotel på fjernsyn.
  • Det fins ingenting i heile verda som smakar betre enn vatn.
  • Ein får plutseleg ro i ræva nok til å gå gjennom rare mapper på dataen, der ein finn bursdagspresangidear ein kan fikse ferdig, og elles følgjande usaklegheiter:


PC-puta! Har heilt gløymt å vise den fram her.
Den er genial! 
Endeleg kan eg nytte PC-en i normale positurar!

 129,- på IKEA. Spring og kjøp!



Hmm, kva meir var det eg skulle trekkje fram, då? Dette innlegget var jo berre ei unnskyldning for å få synt fram PC-puta...

Jo!

  • Ein skriv TO blogginnlegg på same dato.
  • Alle er spysjukesutrerelatert.

Nei, der mista eg (livs)gnisten. Takkformeg.


2 kommentarer: