Sider

fredag 2. april 2010

Dag fem + hundreogto ting som gjer meg lukkeleg

Innrømming: Eg er lei.

MEN: Det ser ut til at eg er på betringens veg, då det vesle eg får i meg ikkje har kome i retur på førtiåtte timar. Hurra!

No ser eg fram til å kunne kome meg ut til våren, sidan eg ikkje har vore utfor ei dør sidan lørdag.
I morgon. Kanskje, kanskje.

Imens:


Hundre ting som gjer meg lukkeleg
 (i tilfeldig rekkefølgje - i den grad noko er tilfeldig)

  •   Den første kjensla av vår etter ein vinter
  • Sommarfuglar
  • Folka mine
  • Yoghurtnøtter og yoghurtbananchips
  • Witch-teikneserien
  • Å få ransake nokon sitt loft
  • Harry Potter
  • (Norske) eventyr
  • Stader som Aurland, Hardanger og Lofoten
  • Grotlesanden
  • Kattungepotar
  • Storemora og lisjepusen
  • Å lukte på nyvaska handkle
  • Å snurre i ein ny kjole
  • Kjolar med søte kragar
  • Å finne ein skatt av ein "gøymd" butikk på gåtur i Bergen
  • Ord i diktform eller anna som treff det inste rommet
  • Haustfargar
  • Jul
  • Kram snø
  • Flette(r) i håret
  • Lukta av brente fyrstikker
  • Eldre menn som syng mens dei arbeidar i kjellaren
  • Nynninga til Momma
  • Huset til Momma
  • Heimekjensla heime
  • Sjå på bilete frå tider som har vore, førestille meg liv og augeblikk
  • Drøyme om tider som skal komme, førestille meg liv og augeblikk
  • Marihøner
  • Lukta av gras og markblomar
  • (Prøve) å lage blomekrans i mai
  • Lese til eksamen ute
  • Augeblikk der ein kjenner at lause trådar er anten samla eller ikkje lenger betyr noko. Oppstår gjerne når ein sit ute i ein hage saman med eit kjært menneske eller ei kjær bok, og nyt stilla, god mat og drikke medan dagen går mot kvil
  • Når nokon seier at noko eg har skrive er bra
  • Stemma til Helene Bøksle
  • Folk eg ikkje kjenner som smiler til meg på gata
  • Å kjøpe Megafon av ein gateseljar
  • Å strikke
  • Å lage kort til folk
  • Å skrive (når ein føler at ein har fått til noko)
  • Å skape generelt
  • Ristorante Mozzarella-pizza
  • Når noko ein har grua seg kjempemykje til, gjekk bra
  • Klistermerker
  • Hårspenner
  • Å spele Rummy
  • Å gå fjelltur, ha nistepauser der ein betraktar naturen
  • Firbeinte
  • Narnia
  • Å ta buss
  • Smila til nokon ein er glad i når ein møter dei etter ikkje å ha sett dei på lenge
  • Lette sommarkjolar med stoff som flyter i lufta som vinden
  • Bølgete hår
  • Berrføtt
  • Fregner
  • Is
  • Ringenes Herre
  • Å få ein god karakter eller ei god tilbakemelding på ei skuleoppgåve
  • Store auge
  • Folk som tør å skilje seg ut
  • Folk som tør å vere barnlege, trass i alder
  • Store, søte jordbær
  • Plukke blåbær
  • TV-kveldar
  • Tørt lauv som ein kan kaste opp i lufta
  • Ta bilete
  • Bade i sjøen
  • Klatre i tre
  • Disney-filmar
  • Lakke neglane
  • Selebukser
  • Spansk og andre språk
  • Nynorsk
  • Mørkeblå
  • hjartesmil
  • Folk med fin latter
  • Baby-/barnehud
  • Å glede seg til noko bra som ein veit kjem
  • Sjokolade med melkefyll
  • Sykle (ikkje i byen!)
  • Stå på rulleskøyter
  • Bøkefisk
  • Å galoppere på hest ute i det fri
  • Skogbotnar dekka av trekløver
  • Fine skjørt i stoff som "flyt" rundt ein
  • Oreo-kake
  • Natronkaker med sirup
  • Å gje og få gåver
  • Flygedraumar (i både bokstaveleg og biletleg forstand)
  • Å dikte opp historiar i to timar for å få små tanteborn til å sove
  • Latterkramper
  • Internhumor
  • Torsdags kveld fra Nydalen og gode parodiar generelt
  • Menneske som bryr seg om dei verkelege verdiane i livet
  • Menneske som er tolerante, opne og som ikkje dømmer lett
  • Å bli kjend med nokon som ein har mykje til felles med, drøyme om at ein skal bli besteven med vedkommande
  • Å bli frisk etter å ha vore sjuk
  • Morgonar etter lange netter
  • Vakre kjærleikshistoriar, gjerne om to som til slutt får kvarandre mot alle odds
  • Soloppgongar og solnedgongar
  • Klemmar







Hylkje, våren -09

4 kommentarer:

  1. Sender deg tanker om at du skal få litt av alt dette her som en bli-frisk-dose av vidundermedisinen!

    SvarSlett
  2. Oj, kvifor fekk eg ikkje mail om desse kommentarane? Berre heilt tilfeldig at eg såg dei. Men takk!

    SvarSlett
  3. Bloggen din er så søt! :-)

    SvarSlett