Sider

torsdag 15. april 2010

Det som er fint på ein torsdag

... er at det er torsdag, for det er yndlingsdagen min i veka. Dagen før helg, men likevel er det ein kvardag som har kvardagen sine moglegheiter kombinert med utsiktene om helga sine pustepauser.

... er vårregnet, som har ein heilt spesiell plass i mitt hjarte. Det forsterkar alle lukter og synsinntrykk, løftar opp alt det spirande grøne, og er lada med noko berre våren veit.

... er det spesielle gule lyset som kjem etter ein skikkelig vårregnskur. Som Jens Lekman syng: "It's like someone spilled a beer all over the atmosphere". Eg veit ikkje om eg likar det biletet han malar der, men eg trur eg likar det.

... er å sjå "Torsdags kveld fra Nydalen" (ELSE!)

... er å skrive dikt berre ein sjølv forstår (?)



Om å vere redd for islandsk vulkanstøv 


Eg svevar i eit oskefylt tomrom
til staden der ein blir blenda
av alle lovnadene som lurer
ein til å tru at ein er noko
som kan bli noko
der dagane døyr
ein sakte, pinefull
morgon
fordi du berre følgjer draumane
og aldri rører dei

støv

på pianotangentane du dansa over som elleveåring
og på word-dokumentet
bleikt og utemjeleg som dine villaste fantasiar
kvite ord
du trur du vil skrive ein dag

men det einaste som kveler pusten
er det veldige luftrommet
i å vite at ein kan klare




11 kommentarer:

  1. Å June! Korleis klarer du å vere så positiv til alt? Eg vil vere sånn som deg. Når eg las ditta likte eg og torsdaga og vårregnet :) Men eg lika ikkje Else, ho er teit(ikkje mamma altså).

    Skal eg analysere diktet ditt og så kan du sjekke om eg skjønte det? ;)

    KOS

    SvarSlett
  2. Eg må berre ta den Else-kommentaren først: HÆH?! Korleis går det an å ikkje like ho??!! Ho er mitt store idol! Eg skal henge eit bilete av ho over senga <3
    Haha, eg kan forsikre deg om at eg ser det negative i ting òg :) Men eg vil ikkje late det vinne, liksom (og i alle fall ikkje her på bloggen).

    Ja, analyser!

    KOS

    SvarSlett
  3. Ho ler jo av seg sjøl! Ho er teit.

    No har eg tenkt litt, og eg skjønar ikkje diktet :( Eg er skikkelig treig når det kjem til dikt :(

    Har ikkje du sett meldinga mi på mobilen?

    SvarSlett
  4. Ho ler fordi ho er eit einaste smil! Og ho ler av SJØLVIRONI! Har du sett alt ho gjer der eller? Gå på vekta og få piercing i augebrynet framfor heile Noreg, og så alt ho gjorde på Senkveld, då!

    Du er ikkje treig, det er berre diktet som er merkelig ;P

    Jo, såg den og svarte :)

    SvarSlett
  5. Ho overdrive heile tida :p

    Takk. Eg håpar diktet var merkelig, viss ikkje lova det ikkje bra ;(

    Du svarte tilslutt ja. Takkfordet :)

    SvarSlett
  6. Som vanleg oppmuntrande å lese dine positive tankar! :)

    SvarSlett
  7. ELSE ER MITT IDOL!! Henri, du har misforstått henne totalt! Du er herved invitert til Torsdag Kveld fra Nydalen-kveld her på hybelen! Da skal det nok bli andre boller! Programmet blir faktisk ENDA bedre når det sees med oss, sant June!!?

    Ah, lyrikken blomstrer i disse osketider ser jeg! I like it! Det hjelper jo også gjerne på inspirasjonen å ha en drama-oppgave å skrive på. Da blir man så inspirert til å gjøre alt mulig annet :P

    Jeg driter i kollokvie idag! Det skal du også!

    SvarSlett
  8. Der høyrer du, Henri! Og då har du å komme torsdag for å bli omvendt :D For ja, programmet blir - om mogleg - endå betre når det sjåast saman med oss her i Gjøkeredet ;D

    Takkfordet, Anke! Skulle berre ønske at eg kunne skrive meir lyrikk enn analyse av dramatikk akkurat no. Eg er SÅ oppteken med dramaanalyse at eg sit her på bloggen for å få inspirasjon. Heh.

    Kollokvia er offisielt drete i!

    SvarSlett
  9. Tusen takk Silje, forresten! <3

    SvarSlett
  10. Nei Anke. Ditta nektar eg å tru på. Men eg skal gje dykk ein sjanse, ein gong. Men eg veit ikkje kortid eg har tid, så får berre håpe at Else klare å holde på plassen sin i programmet fram til vi får sett det i lag ;) Viss ikkje må vi sjå ei reprise.

    SvarSlett
  11. Du har no nokre timar ein torsdags kveld, vel! Vi lev berre ein gong :)

    SvarSlett