Det er den store, grufulle sanninga om livet eg ikkje orkar å ta innover meg til vanleg, men som eg no lev i kvart augeblikk av døgnet som blir tilbrakt i enerom. Når det kjem til stykket, er vi alle åleine.
Då eg var sytten-atten år og det såg mørkare ut inni meg enn nokon gong, las eg dette diktet av Andre Bjerke om att og om att og om att, og eg kjenner framleis kjensla av håpløyse når eg les det:
Berceuse
Sov, sov lille mann
Livet er en drøm.
Over mørke morildvann
Seiler du mot nattens land...
Alle er alene.
Bølger nynner mot din båt:
Livet er en drøm.
Dyp er sjøen, salt og våt...
... som av mange øynes gråt...
... Alle er alene.
Natten er så lang, så lang.
Livet er en drøm.
Synk i søvnens myke fang -
Drøm at det blir dag en gang
Alle er alene.
Bare synke, synke ned!
Livet er en drøm.
Der i søvnens sjø et sted
Vil vår uro finne fred.
Alle er alene.
Ensomt suser vår planet -
Livet er en drøm.
Intet vet vi, det vi vet
Er at alt er ensomhet.
... Alle er alene.
Lev, lev lille gutt.
Livet er en drøm.
Før du aner er det slutt,
Snart er alle broer brutt.
Alle er alene.
Drøm, drøm lille vår
Livet er en drøm.
Hvor vi kommer fra, hvor vi går-
Er det ingen som forstår.
Alle er alene.
Gro, gro lille frø
Livet er en drøm.
Mørket mumler om vår ø:
Kanskje skal vi aldri dø?
Alle er alene.
Ein er åleine med seg sjølv.
Ein kan spørre andre til råds om små og store val, late som om ein ikkje fullt og heilt står til ansvar sjølv når ein vel å følgje eller ikkje følgje eit råd. Ein kan prikke ein person på skuldra og spørre om veien når ein har gått seg vill. Ein kan til og med leggje heile sitt liv i andre sine hender, og av og til er det faktisk heilt naudsynt. Men ein må alltid tilbake til sine eigne skor.
Ein kan ta mobilen og sende ei desperat melding til eins mest fortrulege når ein ikkje klarer å samle saman delane av sitt eiget knuste sjølv som ligg i ein haug på badegolvet. Ein kan tru på nokon som seier at dei aldri vil forlate deg. Ein kan tru at døden berre hentar dei andre, dei det står om i avisene, aldri nokon av dine. Ein kan føle djup samhøyrigheit med nokon ei lang, lukkeleg tid, men så plutseleg er det noko som er annleis...
Brått kjem livet og bankar på døra med beskjeden om at du er vaksen no, og det å bli vaksen er å innsjå at alt er usikkert; at alle du er glad, alt som har vore trygt i kan bli teke frå deg, og at eigentleg så er vi alle åleine.
Og korleis skal ein tolke - eller takle - denne beskjeden? Skal vi halde den tett inntil brystet resten av livet og late den vere ein vegg mellom eins eige hjarte og dei som prøvar å komme inn i det. Skal ein støype murar og ikle seg i rustning, i håp om å sleppe å oppleve fleire augeblikk der Livet Sjølv kjem med slegga si for å knuse den hardt opparbeida hinna av innbilt tryggleik ein har lagt over dagane sine? Skal ein slite seg ut av armane til alle ein har kjær før Livet kjem og riv oss frå kvarandre sjølv?
Eller skal ein opne armane sine, kaste nøklane til alle våre rom sine dører, og spikre ordet akseptere over dei alle? Akseptere at ein djupast sett er åleine. Akseptere uvissa og utryggleiken. Men at det fins så mykje som lindrar denne grufulle eksistensielle sanninga i verda. Som at saman er ein mindre åleine (les den boka!). Som at sjølv om alle krokusane og smørblomstane ute no vil forsvinne for oss når hausten kjem att, er det akkurat no, vår. Og akkurat no er våren alt vi har. Ingen veit, uansett om ein er nitten eller nitti, kva morgondagen vil gje oss.
Eg vel det siste. Ellers kan ikkje eg leve.
Teke på fjelltur med Henri juli -09
For ei stund sidan såg eg ein film der det var eit svært forelska par som planla å leve heile livet saman. Så ein dag gjekk jenta tilfeldigvis innom ei spåkone av nyfikenheit, og denne spåkona kunne fortelje med stor visse at framtida til guten ho elska ikkje såg ljos ut i det heile teke. Som svært tilbøyeleg til å tru på dette, tok jenta det til seg og bar det som ei visse i seg at noko ville skje ein dag. Ho trudde fullt og heilt på det. Men kva gjorde ho? Ho gifta seg med han som ho elska. Ho vart til og med gravid. Så fekk han hjarteinfarkt mens han spelte fotball i parken, og fall død om.
Biletet er googla.
Då eg var veldig lita, var eg så skrekkeleg redd for den dagen eg skulle døy, spesielt om kveldane. Ein kveld, då eg var ca sju-åtte år, låg eg atter ein gong i senga og gret av redsle for den dagen som eg hadde skjønt at måtte kome ein gong. Eg var så redd for kva som ville skje etterpå, og for kjensla av å måtte fare åleine til ein så stor og skummel stad som Døden åleine, utan mamma. Då folda mamma hendene og sa: "No har eg bede til Gud og sagt til han at du skal ikkje døy, og han seier at det er greitt". Eg tørka tårene og sovna som ein stein.
Eg må nesten le. Det tok nokre år etter denne episoden før eg skjøna at eit sånt løfte kan ikkje menneska krevje frå han der oppe, sjølv ikkje mødre. Men takk for innsatsen, mamma! Det var det einaste som kunne hjulpe meg der og då. Eg hugsar godt kor trygg eg kjende meg då du pakka dyna rundt meg den kvelden.
Ein del av meg vil framleis legge all smerta og frykta som ligg i tanken på å møte døden åleine, slik vi alle skal når den dagen kjem, og ikkje minst å møte livet åleine - hos ein vaksen, trygg person, og la meg omfamne av tryggleiken til vedkommande, og orda som kan viske vekk alt som gjer vondt. Men eg vender alltid tilbake til det eg veit inst inne, og som er så vanskeleg å kjenne på.
Men eg har skilt der det står akseptere på, og eg har mange dører. Dører eg vil opne for vårsola, uansett kor mykje trekk det er.
Teke på Oslobesøk hos Anke, juli/august -09
Sigvart Dagsland får dei siste orda i kveld:
Det er ein ensam vei me går.
Eg ser det klart frå her eg står.
Om sola skinne litt
på meg og livet mitt,
kan eg gå den ensomme veien
sammen med deg.
Det ekje lett å alltid veta kor ein står.
Eg ser jo veien, men veit ikkje kor han går.
Så eg kan ikkje leda deg,
men hånd i hånd kan du og eg
kanskje verna om kvarandres steg.
Gro, gro, lille frø.

(...)
SvarSlett*Snufs*
(Å nei!)
SvarSlettPå ein ekkel måte?
Du er klok.
SvarSlettNeidå, berre sånn vemodig vakkert-messig!:)
SvarSlettTusen takk <3
SvarSlettÆrlig og fint, sårt og vakkert på samme tid. Men jeg tror nok heller det at vi aldri er helt alene. Det spinnes et nett av tanketråder og følelsesliv om oss så lenge vi lever. Vi har alltid noen med oss. Det sier ihvertfall stemmene i hodet mitt! Ah, lykken er galskap :P
SvarSlettTusen takk :) Eg trur at vi djupast sett er åleine, men som du seier: vi blir heldne saman av så mykje, "tanketråder og følelsesliv (vakkert!) og så mykje meir ein ikkje forstår.
SvarSlett