Sider

fredag 30. april 2010

Tyl

Når ein oppdagar at ein har sekstiåtte kroner på kontoen, går ein og kjøper yoghurtnøtter for nesten alt, så slepp ein tenkje meir på det.

Når ein oppdagar at ein på grunn av eigen dumskap har skatta på mesteparten ein har tent på deltidsjobb, og så får ei nesten like stor straumrekning som i februar, let ein tårene trille og let seg få lov.

Når ein må flytte om seks veker og ikkje anar kvar, eller korleis en skal skaffe pengar til depositum og første husleige, let ein tårene trille litt meir og ringer til mamma.

Når ein har snakka med mamma, føler ein seg lettare og ser på tanketomme fjernsynsprogram saman med hjartefolka.

Når ein eigentleg burde lese til eksamen som er om tre veker, gjer ein alt anna.



Som ta ein Anke ved å prøve å få handa inni munnen,
berre for å få trippelhake og sleve over heile handa,
før ein finn ut at ein uansett mislukkast.




Sjå ut som Morten Ramm.




 Og så finne ut at ein blir iaktteken.
(Herligheit som eg skvatt... Han hadde klatra
opp på TOPPEN av postkassehusstativet)





Forresten så har han byrja å gje meg nokre litt
tvilsame blikk i det siste, så eg veit ikkje om
han får lov til å sitte og sjå på meg mens eg
"les" lenger. Eg må tenke på det.




Når ein ikkje får sove, bles ein såpebobler.






Når ein føler at dagane berre går utan at ein får gjort nokon ting, at ein ikkje strekk til for noko eller nokon, og at timeplanen er for full til å plass til seg sjølv, kan ein nesten få lyst til å setje seg i ein Panduro-pose og vere sur.



Men berre nesten...


Eller berre emo.
 


Det er så gale at ein får tåre i ræva.
(Som er sånt vi seier der eg kjem frå. Er det rart
at eg har blitt som eg har blitt?)

4 kommentarer:

  1. Hahaha, fantastisk! Spesielt bileta av deg i Panduro-posen :D Det er nesten så eg må henge dei opp <3 Kjenner meg igjen i ein del av tankane dine, men som du sa til meg før i dag: Kva kan du gjere med det akkurat NÅ?

    SvarSlett
  2. Takkfordet :D Og takkfor at du let meg smake min eigen medisin, den var god!

    SvarSlett
  3. Superlol. Ikke rart du valgte det store rommet, så mange underlige behov som du har :P (les: putte seg selv i poser og den slags)... Du hadde slitt på mitt rom :P Ah, apropos rom, nå har jeg ledd meg skakk av alle disse blogginnlegga dine jeg måtte oppdatere meg på, og nå skal jeg starte prosjekt rombytte og flytte fra mitt store rom til mitt gamle lille. Alle Solveigs ting og alle mine ting må mao bytte plass. Støv i nesa.

    SvarSlett
  4. ØY! Eg valde ikkje rommet, rommet valde meg! Via ei heilt demokratisk loddtrekning. Rommet blir drege mot sin rettmessige eigar akkurat som The One Ring That Shall Bind Them, osv (neida, eg har ikkje lyst til å sjå på Ringenes Herre i staden for å lese). Og eg kan ta med meg Panduro-posen inn på rommet ditt og sette meg der any day ;P Oppå skapet, for eksempel.
    Oj, skal dåkke bytte rom? Gleda ved å ha småsøsken som eg aldri får oppleve (;P). PS: Sorry for at eg ikkje har svart på mld, eg har ikkje meir pengar på mobilen, og ingen pengar på kontoen til å fylle på for enno, hurra! Men kan ta det her: Bra med kake, og bra med dåp! Dansar Maisen? Kul! Visingane har gått greit, etter å ha sett på fem leiligheiter har vi no ein som vi har veldig gode utsikter til å få :) Danmarksplass/Minde, 3400 i månaden, éi leige i depositum, andre etasje (lys og fin) :) Umøblert då, men kva har ein IKEA og finn.no for? :)

    SvarSlett