Sider

søndag 2. mai 2010

Material girl

No skal ein eigentleg ikkje vere materialistisk, og eg likar å tru at eg har fleire trekk som tyder på at eg ikkje er det. Til dømes vil eg gjerne gje vekk alt eg ikkje brukar til Fretex, og mamma har fleire enn éin gong prøvd å stoppe meg for å få meg til å tenke meg nærare om, når eg ber nok ein full pose med kle til den oppsamlingscontaineren vi har som nabo heime. Og eg brukar ikkje akkurat opp heile studielånet på stæsj og bling.

Men eg kan ikkje nekte for at eg synest det er kjekt med fine ting. Spesielt når det betyr noko, og/eller har ei historie. Og eg slepp å betale for dei sjølv.

For nokre veker sidan ville lagnaden det slik at eg fekk mange fine ting på ein gong, av fine folk. Til dømes:



Mine aller første øyredobbar (bortsett frå dei eg fekk av frisøren som
skaut meg, men dei skal visstnok kastast etter dei obligatoriske tre
månadene) i Paris-gåve frå Silje. Sjå så fine! Gler meg til å ta dei i bruk!



Og eit njudeleg armband som passa til.



Av soulsister, som hadde vore på (kjærleiks)ferie til Polen,
fekk eg Det Perfekte Skjørt, som eg ikkje visste korleis såg
ut eingong før eg plutseleg sat på ein kafè med det i hendene.
Lett stoff, som "flyt" rundt ein, silkeand i sløyfe, blonder og 
heile passeleg. Korleis kunne ho vite?



 Ho hadde òg funne meg ein skjønn skytsengel.





Og herlege skrivebøker, sånne med resirkulert, brunt
papir, så du føler du ser i urgamle skrifter
når du seinare ser tilbake på det du har skrive.






Ho hadde visst handla i ein butikk som heiter
det same som"narkotika" på spansk.



Til meg sjølv, for sympatipengane eg fekk då eg var sjuk, i tillegg
til det eg hadde spart på å ikkje fått i meg noko føde. Herleg  
bodylotion frå Body Shop. Den luktar som markjordbæra
du stal frå hagen til naboen då du var åtte, blomar i mai
og hubba-bubbaen du javla med open munn som tolvåring.


Og så kjøpte eg ny mascara, som eg er kjempenøgd med. Den heiter
Clinique Naturally Glossy mascara, og eg kjøpte den på Cubus for 180 kr.
Grunnen til at eg likar den så godt, er for det første at den er av
eit merke som ikkje testar produkta sine på dyr, som er
eit krav for min del (og det burde det vere for din òg).
 For det andre passar den til vippene mine, som - i følgje 
Cubusminkedama - "har bra lengde og volum" frå 
naturen si side, og til ønsket mitt om å ikkje gå rundt og sjå
ut som om nokon har kasta ei bøtte med tjære rett i synet på meg.



Herligheit, har eg fått ein sånn blogg no?




...



I dag har eigentleg vore ein sånn dag der eg har vore lei av alt og spesielt meg sjølv; ein dag der eg har følt meg fanga av press og rammer og mine eigne forventningar til meg sjølv og kva eg skal gjere og vere her i dette livet; ein sånn dag der eg har hata orda pengar, eksamen, kreativ skriving, trening, utsjånad, Don Quijote og tidsskjema. Men dette innlegget var no ferdigskrive, og klar til publisering, så då let eg det flyge. Saman med nokre kloke ord på tampen:


“Courage doesn't always roar. 

Sometimes courage is the quiet voice 

at the end of the day saying, 

I will try again tomorrow.”

 

~ Mary Anne Radmacher ~


5 kommentarer:

  1. June, du e min blogghelt <3
    aldri, aldri, aldri, ALDRI slutt å blogg!

    Du gjer meg glad, både når eg les på bloggen din (uansett ka du teke opp i bloggen får du meg te å tenke litt, på en sånn bra måte liksom;p hehe) og når du sitt ved sida av meg i sofaen ;)
    måtte dinna månden gå veeeeeldig sakte, for eg ekje heilt klar på å flytte fra deg enda..

    SvarSlett
  2. Eg likar at du har ein SÅNN blogg ein gong i blant :) Etter som eg forstår, så er det ikkje hovudsakleg tinga i seg sjølv du set pris på, men tanken bak :) Dessutan likar eg har du gir deg sjølv gåver. Fortsett med det, Nazreen! (Elles blir eg nøydd til å gjere det...)

    SvarSlett
  3. Ingrid: Naaaw, det er ein av dei finaste bloggkommentarane eg nokon gong har fått, og den skal rett i gladboka <3 Måtte desse sofastundene med deg og muffinsane dine, med fjernsyn i bakgrunnen og pc i framgrunnen, og masse latter og internhumor, aldri ta slutt <3

    Silje: Takkfordet, Nazreen! Hehe, kan hende eg sluttar fram til neste gong eg er "rik", så då får du ta fram lommeboka i mellomtida ;)

    SvarSlett
  4. Åh, takk for nok eit supert innlegg og for bra sminketips(!)!:)

    Men du 1) skal me bake natronkake denne veka, please samt hurra? Men du 2)korleis greier du å streke over bokstavane? Eg får det ikkje til sjølv om eg prøver aldri så hardt-!

    SvarSlett
  5. Versågod, søtehjarte <3 Og:

    1) Sjølvsagt! Passar det for deg tysdag? JAHURRA!

    2) På verktylinja står der ein stor og tjukk B for fet skrift, ved sidan av den på høgre side ein skrå I for kursiv, og til høgre for den igjen ABC med strek over; den trykker du på før du byrjar skrive det som skal strekast over :)

    SvarSlett