Sider

mandag 17. mai 2010

All is well

Når ein har jobba tretten timar med servering sidan kl. 17 dagen før. Når ein har eksamen på torsdag og svært liten kontroll på pensumet, men berre lete det fare fordi ein  av ein eller anna grunn har roen. Når ein for første gong føler seg trygg på at ein eksamen betyr null i den store samanheng - før eksamen. Når ein har prioritert sine kjære og anna som er fint framfor å mure seg inne bak veggar av fransk klassisisme, epos og dikt frå antikken. Når ein likevel gledar seg til det heile er over sånn at ein kan puste litt friare igjen.

Då kan ein uansett berre vere June. Som går på tivoli med søskenbarn tre dagar før eksamen, og brukar opp ei timeløn pluss tips på å fiske opp posar med merkeleg utsjåande kosedyr med ei stang. Som sit og betraktar rare skyfenomen på himmelen (ein fisk som rekker tunge, ei svane, ein pokemon-figur og ein fisk med glorie) mens ho skriv blogginnlegg, sjølv om ho eigentleg er så trøtt at ho er på randen av hovudverk. Som tenkjer og tenkjer og tenkjer, men akkurat no ikkje finn så mykje tid til å kjenne.

4 kommentarer:

  1. Flinkflinkflinkflinkflinkflinkflinkflinkfliiiiink ;) På tide med et; Two down, one to go-innlegg?

    SvarSlett
  2. It's coming, it's coming :)

    SvarSlett