Sider

mandag 24. mai 2010

Kjærleik



... Det har vore familie på gjennomreise ...






... Det har vore eksamenstid, med mykje sitte-inne-på-rommet-og-lese til denne utsikta:


 Men det har vore mykje sol òg, så han var ein gladpus.


Så han fekk kome inn på rette sida av glaset. Han berre hoppa
inn, heilt sant! Okei, kanskje eg opna glaset LITT.
Dersom matmor/-far til denne katten ved ein sjuk tilfeldigheit
skulle lese dette, så vil eg berre seie at eg var utilrekneleg i
gjerningsaugeblinken.






... Det har vore ein sårt etterlengta tur heim, med Grotlesanden-terapi...













Der hadde det òg vore ein kompis, men eg veit ikkje kven.



... Det har vore ein sårt etterlengta tur heim, med Momma-terapi...
Malin på tunet, med ein løyndom i
magen som ikkje lenger er ein løyndom.
Og eg var ein luring som drog på fotooppdagingsferd
i huset til Momma, i mine forsøk på å forevige alt
som eg ikkje klarer tanken på at skal ta slutt ein dag.



Sukk; alt eg kunne finne på med
den rokken då eg var mindre...
Det Kvite Rommet, som alltid gjer meg nærast andektig.






Ei mamma pluss ein pappa er lik:


Hihi, der er Momma og tek seg ein blås trekk litt frisk luft.


Kvar kveld når blåtimen kom, kribla det i kamerafingrane, og
eg sprang ut i den blikkstille kvelden.








Og når eg vart mett på det naturskjønne, bar det tilbake
til kjøkenbordet til Momma for å bli mett på det resterande.


... Det har vore ettårsdag til ein liten venn ....




Eg må seie at eg har stor godhug for dette biletet.
Og dei avbilda, for øvrig.




... Det har vore gjensyn med dei to kattungane pusen fekk i påska (som eg ikkje ville fortelle om fordi ingen ville ha dei så vi hadde eigentleg vorte nøydd slå dei ihel). Då såg dei sånn ut:


Prøvde så godt eg kunne å ikkje knyte meg til dei, men akk.
Eg er jo ikkje robocop heller.

Anyways, Michelle kom dei til unnsetning og fanga
begge to i sin moderlege famn, og no ser dei sånn ut:



Har du SETT noko så fint?
Eg smelta fullstendig og rann vekk på golvet,
og det gjorde fysisk vondt å forlate dei igjen.


... Det har vore roadtrip tilbake til byen, med meg og sis som rare turistar som berre måtte stoppe for å ta bilde av den fine fossen på vei frå Kjelkenes (eg har beundra den i årevis, men aldri fått fotografert den):






... Det har vore eksamenssprenglesing, med påfølgjande konsekvensar.



... Det har vore lettelse over å bli ferdig med den største eksamenen, og feiring med å endeleg kunne gjere andre ting enn å lese pensum. Som Harry Potter-høgtlesingnostalgi.


... Og våren er mykje finare når ein ikkje har eksamensbriller på. 







6 kommentarer:

  1. Henriette - som elskar June24. mai 2010 kl. 22:01

    Å June-Mor!
    Du er fantastisk. Eg trur rett og slett eg elskar deg <3 Eg blir så glad av å lese blogginnlegga dine(Så lenge det er glad-innlegg, men det er det jo som oftast), og sjå alle bileta dine som er som ingen andre sine.

    Eg håpar du kan skrive blogg for alltid. OG eg håpar at du kan skrive bok om sånne ting du skriv blogg om, for då skal eg faktisk lese HEILE boka. Uansett kor tjukk ho er.

    SUSS <3

    SvarSlett
  2. Slenge meg på det Henriette seier og legg litt til sjølv ;) Herregud som eg saknar Bremanger og Kalvåg no! Gler meg til sommarferien kjem!

    Den fossen har forresten eit ganske fint namn(iallfall om det er det faktisk er namnet på den då og ikkje noko tull som nokon har fått meg til å tru) nemleg "Brudeslør" eller noko sånn...vart litt i tvil merka eg :p

    Glad i deg søte du! <3

    SvarSlett
  3. bloggstalkeren (ja jeg er tilbake!)24. mai 2010 kl. 23:41

    fy fillærn du er lik mammaen din! for et nydelig bryllupsbilde:) og som de andre sier, man blir så glad av å lese bloggen din!

    SvarSlett
  4. VAKKERT! <3

    Som kommentert over: Bloggen din gjer meg glad :)

    SvarSlett
  5. Generelt herlege bilete og innlegg; eg hjartar din blogg! Og sukk, så herlege kattungar!
    =^-^=

    (Har forresten funne ut korleis ein får sånn strek over orda - brukte eit gamalt redigeringsprogram, men har oppdatert no!)

    SvarSlett
  6. Tusen takk for nydelege kommentarar som verkeleg varmar <3<3

    SvarSlett