Eg er meg sjølv att, og no skal eg dele med dykk det som fekk meg gjennom mange vinternetter og trasige tidlege vårdagar dette halvåret. Det er som ein bunt av alt det finaste du kan tenke deg, og du MÅ lese alt i arkivet (eg har spart på innlegg etter innlegg heilt sidan eg oppdaga denne bloggen og denne jenta i vinter. No har eg lese alt; MEN DER KJEM MEIR KVAR DAG!). Og kjærleikshistoria - henne og "han der fine", som traff kvarandre og vart saman då dei var fjorten. Det er magisk lesing, og får deg til å tru på kjærleik anten du vil eller ikkje.
I dag la ho ut verdens finaste innlegg. Hjartesukk og -smil. Det er som blomeblad, søte jordbær og sjokoladestrø for den håplause romantikaren eg visst har blitt.
Det fins verkeleg ingen som henne. Og det veit eg etter berre å ha lese ein blogg.
Ho har ein flott blogg, ja! :) Gi ho linken til innlegget ditt. Ho fortener godorda :)
SvarSlettdet var jammen en fin blogg! jeg la den til i lista mi jeg!
SvarSlettSilje: Takk for tips :) Gjorde det eg, men er ikkje sikkert ho tek seg tid til å lese; ho har sånn fleire tusen lesarar kvar dag, så ho får nok mange slike henvendingar.
SvarSlettAnke: Ikkje sant? :) Sjekk ut arkivet, ho skriv veldig ofte om filmar ho har sett og sånn òg ;)
Oj! Er dte teit å bli litt starstruck no? ;)
SvarSlett<3