Sider

lørdag 26. juni 2010

Når ein får seg ein støkk

  
Det er for eksempel når ein brått ser på førstesideoppslaget til dagbladet.no eit bilete av det busstoppet ein har gått av på ein million gongar dette året, og deretter eit av væpna politi på veg opp trappa til same boligkomplekset ein har gått gjennom like mange gongar for å kome til leilegheita si.

Akkurat det busstoppet der ein utallige gongar, etter det har vorte mørkt, anten klokka er fem ein vinter ettermiddag eller to på natta etter servitørjobb ein laurdag, har teke opp telefonen for å høyre ei mammastemme når ein skal gå inn der mellom trea, og mot det boligkomplekset, skjult frå hovudvegen og alt anna, fordi pulsen aukar der. Og dei to trappene, der ei ytterdør alltid står open - ein har ryggen til den når ein går motsett veg - der eg ein gong vart prikka på ryggen av ein mann med - og eg hatar å seie det, men på det punktet er redsla mi så forbanna norsk - utanlandsk utsjånad og gebrokken norsk, som ville ha meg til å komme nærare for å lese på ein lapp han hadde; eg stivna heilt, men han ville berre spørje etter ei adresse. Akkurat der, ser eg på dagbladet.no dette.

Det er forferdeleg. Og sjølvsagt, som alltid når ein kan linke slike saker til ein sjølv på eit eller anna vis, blir ein så mykje meir opphengt i det enn om det hadde vore til dømes i Oslo - då hadde eg knapt ensa overskrifta, med mindre det hadde berørt nokon nær meg.

Og eg lurer på kva eg hadde gjort dersom drapet hadde funne stad for ei veke sidan, då eg var heilt åleine i den leilegheita som ligg like ved åstaden, der politiet no er på jakt etter ein gjerningsperson.

   

2 kommentarer: