Sider

tirsdag 27. juli 2010

Den gule solræva

     
Det ser ut til at finveirsdagane har teke seg ei pause igjen, men det gjer ingenting, for då blir det plass til meir blogging, film og andre isolasjons-inneaktivitetar. Men det har vore nokre flotte dagar. Med blåbærplukking, Grotlesanden, berrføtt i kjolar, fine folk, skilje og fleire timar tilbrakt sånn her:




De lurer nok på tittelen på dette innlegget, og den må tileignast sin rette far. Det heile byrja - som det ofte gjer - med ein facebookstatus:

Patrick KF: synest det er flott at sola har valgt å stikke den gule ræva si innom for meir enn ein time. Det å ha kald pils i kjølen er heller ikkje så gale.


... som eg sjølvsagt ikkje kunne late vere å kommentere:

June RH: Haha, gule ræva! Fantastisk :D kan ikkje du skrive eit dikt om den gule solræva?


Og jammen trur du ikkje han gjorde det òg, herlege fyren som han er! Resultatet:


Den gule solræva


 
Så varm og god, den gule solræva er stor

større enn størst, vakrare enn den vakraste røst

den lyser opp heile verda, uansett, den valsar i den uendelege sfæra

for ikkje å snakke om mindnattsolræva

over alt den er, nesten kvar dag den lyser opp alle hus og trær

den gir oss alle eit vakkert vær

Det å sjå solræva i det fjerne

er noko vi alle vil veldig gjerne

vi har alle rett på litt solræv.


Og dèt tykkjer eg skal vere siste ord.

3 kommentarer:

  1. Haha noe så fantastisk! Han er bra! Du er bra! Jeg liker at du koser deg, og jeg håper du koser deg ekstraekstra mye på den kommende bursdagen du flottingen!

    SvarSlett
  2. Haha noe så fantastisk! Han er bra! Du er bra! Jeg liker at du koser deg, og jeg håper du koser deg ekstraekstra mye på den kommende bursdagen du flottingen!

    SvarSlett
  3. Anke! Hjartet mitt hoppa over eit ekstra slag (ooh) då eg såg at det var du ;) Håpar du har det bra der nede i AFRIKA (still surreal) ;)

    SvarSlett