Sider
mandag 26. juli 2010
Did it come with the wind or did it come from within
Det er noko heilt eige ved det å gå ut døra etter ei nattevakt frå omsorgsboligen for eldre der eg jobbar, og vandre heimover i sommarmorgonen. Ikkje eit menneske å sjå, høg himmel med nokre skyer over meg. Og så vinden. Den ettertenksame vinden. Det er det eg har funne ut at den er, den vinden som raslar lett i løv, får dei til å snakke, og som verken er kald eller varm, berre små stryk over huda. I alle fall blir eg ettertenksam når eg er i den.
I dag kunne eg ikkje sove vekk sumarmorgonen, trass i at eg er trøytt som ei fele. Eg låste opp døra heime, la frå meg veska og hovudputa, og måtte ut igjen for å høyre kva meir den ettertenksame vinden hadde å seie. Den lokka meg mot barnehagen eg gjekk i som liten, og kviskra: "hugsar du kor du sto bak gjerdet der og lengta etter marka ved sidan av, der dei største ungane av og til fekk fare og plukke blomar små, gule, blå? Hugsar du den raude låven der, som gøymde i seg både skrekk for tussar og troll, og mystiske gåter?". Og det gjorde eg så klart. Vinden kviskra vidare om at eg kanskje kunne plukke ein bukett blomar til mamma, etter gammalt. Slik vart det. Smørblomar, sånne rosa som eg ikkje veit kva heiter, blåklokker og fine strå (timotei? Er det det som heiter timotei? Eg har lese ordet i fleire bokmålsbøker, men eg skjønar ikkje heilt kva det er).
Og vinden kviskra ei glede over livet. Det er noko med å jobbe på ein eldreheim, og på nattevaktene lese Regines bok i staden for å sove. Oppvaking. Tankar, minner og refleksjon.
Om tre dagar fyller eg tjueein. For ein gongs skuld kjenner eg berre ei stor glede og ro angåande det å bli eit år eldre. Samt ei veldig takksemd. Tenk å få lov til å bli tjueein! Det er inga sjølvfølgje.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Er dei rosa slike klissete?
SvarSlettFint innlegg forresten! :)
Trur ikkje dei er klissete? Sånne lange, mørk stilk, og små roser på toppen :)
SvarSlettÅja, då er det nokon andre eg tenkjer på :p Dei eg tenkjer på har klissete stilk. Har alltid lurt på kva dei heiter.
SvarSlettNydelig June. Du skriv så fint at eg blir heilt rørt. :)
SvarSlett