Sider

lørdag 3. juli 2010

Det har vore...

 
... små nostalgitrippar til Florø, der ein brukte litt dødtid (fy for eit fælt ord) på å finne at dissa "si" utanfor gamlehybelen. Åh, så mange gongar eg har site der, mens verda har flydd forbi i altfor stor fart, oppned, og håret berører bakken.


 


 Så kom der jo sjølvsagt ein tusseladd på sykkel og øydela det
som kunne ha vorte eit ideelt bilete. Håpar ikkje han såg noko
rart i det at ei tjue år gammal jente sat åleine og dissa kvart på 
ni om morgonen i sommarferien og tok bilete av seg sjølv med
sjølvutløysar frå eit kamera strategisk plassert på næraste berg.
(Fy for ei lang setning. Kvar ville du plassert komma?).


... nostalgitripp til Førde med meir LEVEtid, som ein kunne fylle med meir biletetaking








... herlege timar i form av augeblikk tilbrakt med ein liten ven.


... og ein like herleg bursdag til mora hans saman med fine folk









Det er mange av livet sine situasjonar der eg endar 
opp med å sjå ut som Cartman; å blåse ballongar 
er ein av dei.






Jentene hadde artige, fargerike ting i glasa sine.


Men eg hadde no dei beste sakjene, så klart.
Once you go black, you never go back.
(Dersom nokon skulle føle seg krenkt: Eg 
har aldri skjønt kva det uttrykket dreier
seg om, og sikta til Pepsi Max'en.



... dessutan ser eg ut til å ha blitt råka av ei mystisk utsugingsmaskin som syg ut alle kreftene i meg, slik at eg held på å besvime kvar gong eg reiser meg, blir sliten av å gå i ei trapp, søv elleve timar om natta og likvel sloknar på sofaen etter middag og elles berre vil ligge der resten av tida. Det ser ut til at ei ny runde med heftig jernmangel er i gang. Eg er - som vegetarianer (eller kvasi-vegetarianer eller pescaterianer, som det formelt heiter; betyr berre at eg proppar i meg vesen frå havet men ikkje dei på landejorda eller i lufta) - altfor lite flink til å passe på å få i meg nok næringsstoff, trass i at eg et nok. Det merkast fort når det først skjer. Heldigvis har eg ein halv boks med jerntablettar att frå forrige runde rundt juletider, og den sjølvmedisinerar eg meg med glatt, utan å ha teke blodprøve. Innbiller meg at eg kjenner igjen dei teikna der godt nok. 

Så inntil eg merkar effekta, får eg berre godta at det vil vere avtrykk att etter meg i sofaen, og at eg ikkje får vere fysisk aktiv slik eg ønskjer kvar dag. Eg er ikkje så god på å akseptere kroppslege begrensningar som ikkje tillet meg å tilbringe dagane slik eg vil, men desto fleire audmjuke tankar er det å sende til dei som er verkeleg reduserte fysisk. Så forferdeleg skjørt maskineri vi har. Eg er så uendeleg takknemleg for å ha "frisk og førleg" som allmenntilstand; så desse dagane i sofaen - sjølv om dei ikkje er ideelle - tek eg glatt.





9 kommentarer:

  1. Oioi, her var det jammen mye bra kommentarmateriale :)

    1. Florø + 20-åring + huske (aka desse på ho mor mi si dialækt, disse på ditt språk) = good stuff!

    2. Jeg håper syklisten kræsja i en busk i forundring og beundring da han ikke greide å ta øya av dette herlege fenomenet kalla June. (og ikke kalla som i hvilken, men som i kalt. og ikke kalt som i kaldt men som i navngitt eller no, ah, språk er så gøy!)

    3. vanligvis blir jeg litt psykotisk av lange setninger, men du greier sørenmeg å geleide meg gjennom psykosen med stiiiil! funka fett uten komma!

    4. LEVEtid! Perfect! Vårt nye motto, please!?

    5. vanndråpe på blad. sukk. noe av det vakreste jeg vet. faktisk!

    6. små venner og bursdag. alltid bra!

    7. selv om jeg ikke vet hvem Cartman er (er det sånn at jeg burde skamme meg for det?) så lyser det at dette er en stjerne-bilde-kommentar. men du, som om du ikke er svimmel nok med jernmangel, så skal du liksom pumpe alt oksygenet ditt inn i en ballong!? not too cool altså.

    6. nei vi var visst kommet til 8. søren, det er seint på natta jo. sukk. anyways. (jeg skylder på sentheten for eventuelle trykkleif som har oppstått, og spesielt fordi det ikke dukker opp store bokstaver etter punktum). haha svart pusekatt på svart strømpebukse. jeg trodde hun hadde et veldig fluffy skjørt med gule knapper xP

    9. ikke bruk snus, drikk heller brus, med litt pepsi max, blir du glad som en laks! (sier dette med det forbehold at eventuelle lakser som leser dette kanskje kan bli fornærmet på en dårlig dag...vet ikke om jeg noen gang har møtt en sur laks da men, de er kanskje litt følelsesløse etter at de er tilberedt. nei nå er jeg bare ekkel. trøttheten som snakker. sorry. )

    10. var vi kommet så langt? ja. tommelopp for henriettesmilforsøk. men sorry, hun slår deg nok på den. du smiler vakkert på din egen måte du ;)

    11. selvmedisinering bør skje bare til visse grader frøken. ikke tving meg til å komme bort der og mate deg med sau, gris eller ku. forslag: brokkoli! bønner! i fleng! også internetttips (med tre t'er!)

    12. haha junesofaavtrykk!

    13. nå er det leggetid for meg. forrige natt drømte jeg at jeg traff alexander rybak og at jeg kjente han fra før. og det var ikke riktig rybak for å si det sånn! hadde det vært Henrik som rybak hadde jeg jo våknet lykkelig! men jeg traff tina og bettina da. det hjalp. og idag har maisen og jeg gått rundt og ropt "booooKA!" og "FIS!" det gjør meg lykkelig. nå skal jeg lese litt maskeblomstfamilien og så sove!

    olinejus og LOL

    ps. jeg har lært nytt hyggelig smilefjes:

    c",)

    åh håper denne meldingen poster seg uten problemer. hvis ikke blir jeg for alvor etellerannet... :P

    SvarSlett
  2. yes det gikk! måtte bare si det... ehm olinejus hørtes ekkelt ut... jeg tenkte mer på sånn som er laget av oliven da.

    SvarSlett
  3. Eg tykjer ditt superglas-smil var mykje finare enn mitt. For du ser super-duper søt ut, medan eg oftast berre ser tilbakeståande ut :/

    SvarSlett
  4. SUPERGLAD-SMIL meinte eg sjølvsagt

    SvarSlett
  5. Henriette, du ser superglad ut IKKE tro noe annet!

    SvarSlett
  6. Anke: Å herreminhatt, du er verkeleg dronninga av kommentarfeltet! Hadde eg hatt meir energi, skulle eg ha skrive ein like lang kommentar tilbake, men sidan eg er ein sofagelèklump, tek eg det eg hugsar:
    - Cartman i South Park! ja, du burde vere skjemd ;)
    - Vatndropar på blad er noko av det finaste eg veit òg!
    - Ja, eg er samd i at Henri slår meg.
    - Allright at den milelange setninga ikkje gjorde deg psykotisk!
    - Er det jern i bønnar? Det visste eg ikkje. Trur eg må ta å lese meg opp på saker og ting ang. eit vegetarisk kosthald.
    - Det sit ei fløge på handa mi og gnir seg i hendene.

    SvarSlett
  7. Henri: Du kunne ikkje ha sett tilbakeståande ut om du prøvde ;D

    SvarSlett
  8. Eg ser litt teit ut når eg har 7 haker vertfall :) Eg har forresten ete fem kakestykker i dag på jobb(NAM NAM!), så neste gong du ser meg har eg sikkert 8 haker :)

    SvarSlett
  9. HAHA :D:D Men neppe! Eg har nemleg oppdaga eit anna bilete der du faktisk HAR åtte haker, så den kake-etinga må i så fall resultere i ni ;)

    SvarSlett