Heilt fram til no har eg sett på slike kjærestegreier som noko som høyrer ei fjern framtid til, noko som ikkje gjeld meg. (Desse tovekers "eg likar han, kven likar du?"-opplegga i tolv-trettenårsalderen tel ikkje, for eg kunne like godt ha sagt at eg likte katten min. Nei, dårleg eksempel; katten brydde eg meg jo faktisk om).
Det har alltid vore andre ting som har vore i fokus. Noko inni meg har nok skjønt at viktige brikker i puslespelet måtte finnast og leggast på rett stad før eg kunne gje meg ut på dei greiene der. For - som med det meste anna - er dette med kjæresteri noko eg har tillagt tusen forestillingar og stor tyngd gjennom mange, mange år; spunne på eit enormt nett av magiske draumar. Slike som det er lett for røynda å trampe i og øydelegge.
Poenget: no - dei siste to åra, kanskje, eller mindre - har det skjedd ting inni meg:
I vår var eg med søstera mi opp i kyrkja her heime for å sjå eit ungt par med den vakraste kjærleikshistoria gifte seg, og eg - som sikkert kjende dei minst - var kanskje blant dei som felte flest tårer, nesten (heldigvis var eg på ein kyrkjebenk langt bak).
Når eg no ser ein film, vil eg revne innvendig når to som MÅ få kvarandre, ikkje får det, og eg sukkar frå djupet av hjartet og trekk siste hikst dei gongane det faktisk skjer.
Då eg serverte i eit bryllaup i mai, fann eg stadige påskudd for å spionere på brudeparet heile kvelden, og eg syntes at bruda såg ut som ei eventyrprinsesse.
Eg skriv inn "wedding proposals" i søkefeltet på youtube for å få sjå menn som går ned på kne mens kvinner held seg for munnen, i dei raraste og mest spesielle situasjonar du kan tenke deg.
Eg har blitt ein sucker for korleis-folk-fann-kvarandre-historiar (fortel! Plisplisplisplisplis), og no bryr eg meg meir om korleis det går med kjærleiken til hovudpersonane i ein film eller ei bok enn korleis det går med hunden deira. Nesten, i alle fall. (Det kan jo vere ein veldig spesiell hund!)
Men når det gjeld dei tusen forestillingane og draumane, så har eg innsett - via å sjå rundt meg, lære av dei som fraktisk har erfaring med denslags - at eg kanskje må finne meg i, når den dagen kjem, når den personen kjem, å gje avkall på eit par.
Men eg nektar å gjer slepp på den viktigaste forestillinga og draumen: sterk samhørighet. (Men om eg i tillegg får det å ligge i graset og sjå på stjernehimmelen, å springe hand i hand i regnet, kyss på nasen, film og sofa og pledd og nam, sykkelturar (i skog og mark, berre for å unngå at dette byrjar å ta form som ei kontaktannonse), sitje i parkar og lese eller spele spel, gå på rare butikkar, klappe hundar og kattar på vår veg, ake på bossekkar, klatre i store, bortgøymde tre - så skal eg ikkje klage over dét altså! Ja, forestillingane blir. Så skal eg heller vurdere å finjustere litt på dei, men då må eg sjå kven som kjem på døra først).
Eg såg filmen 500 Days Of Summer i går, og den handlar om akkurat dette. Draumar, forestillingar, som ein er så desperat etter å presse inn i røynda at ein blir blind for den andre sitt blikk.
Forteljarstemma opnar med orda:
This is a story of boy meets girl. The boy grew up believing that he'd never truly be happy until the day he met the one. The girl did not share this belief. Tom meets Summer on January 8th. He knows almost immediately she is who he has been searching for. This is a story of boy meets girl, but you should know upfront, this is not a love story.
Eg mista trua på kjærleiken sånn seks gongar i løpet av filmen, men fann den att sju gongar, så det går bra. Sjå den! Den har ein happy ending
Summer:
You weren't wrong, Tom.
It just wasn't me that you were right about.
You weren't wrong, Tom.
It just wasn't me that you were right about.
Sukk...!
Eller som mamma sa for nokre kveldar sidan:
"Du vet, June, det er sant det dei seier: Det er betre å ha elska og tapt, enn å aldri ha elska i det heile teke".



Må sei eg følte meg ein smule truffen når det gjaldt ditta om å få augene opp for kjæresteemner ;) hihi
SvarSlettELSKA ELSKA ELSKA den filmen! <3
Og den himla realistiske (og kloke til å vere så lita) lisjesøsta til Tom. "Just because she likes the same bizzaro crap you do doesn't mean she's your soul mate"
Mammaen din er veldig klok og :)
:) :) :)
SvarSlett<3 :)
SvarSlettJune du e fantastisk, rett og slett!
you make my day, no matter what du skrive om..
Så søte dåkke e!
SvarSlettMartine: Hihi :) Ja, ho lisjesystera er herleg! Elskar at ho er så moden for alderen mens han berre er eit mess ;)
Anke: :) :)
Ingrid: DU òg! (PS: eg ventar framleis på DIN blogg, eller eventuelt bokA vi snakka om) ;)
Det mamma Elin sa, var veldig, veldig fint :) Trur det er frå ho du har dissa filosofiske evnene dine :)
SvarSlettPS: Eg gler meg til torsdag!
Of forresten. Ditta med kjæresteemner trur eg var mest retta mot Michelle, deretter deg Martine, også kanskje meg :p
SvarSlettEg er berre glad eg ikkje var værst :D
Henriette: Det er ikkje mamma som har kome på det, då. Men filosofigreiene mine kjem nok mest frå ho og hennar side, ja :)
SvarSlettHaha, det var ikkje retta mot nokon spesielt :) Berre den generelle følelsen for den tida. Men kven veit, eg kan ha fullt av falske minner.
Neeei. Det skjøna eg at ho ikkje hadde komme på. Ho sa jo troddsalt at "det er sant det dei seier" :p Men eg syns det var fint å seie det ;p
SvarSlettNeeei. Det skjøna eg at ho ikkje hadde komme på. Ho sa jo troddsalt at "det er sant det dei seier" :p Men eg syns det var fint å seie det ;p
SvarSlettNo sitte eg her med frysninga og ein stor klump i halsen!
SvarSlettHjarte på deg! (det er deg, Malene, sant? MI Malene, liksom) ;D
SvarSlett