- Sjå ein morgonfilm, berre fordi det er fridag og eg har lyst. God var den òg.
- Å sjå til dei to pusungane til Michelle som eg er kattevakt for sidan ho er vekkreist. Sitte i leilegheita hennar med med ein malande liten godpus på fanget og ein vilter ein rundt beina.
- Lage ein kjempegod salat saman med mamma.
- Ein lang sykkeltur, der eg kom høgt opp med utsikt over dalen, og plutseleg fekk sjå ein heil hjorteflokk. Som fekk meg til å tenke på eit dikt av Inger Hagerup som sto i ei norskbok frå barne- eller ungdomsskulen, og som festa seg slik ved meg at det framleis gjev gjenlyd i minnet:
Kort møte
Bunnløst var rådyrets blikk da det så meg.
Foten fikk vinger av skrekk.
Bare et øyeblikk stirret det på meg.
Så fløy det dansende vekk
Frihet og flukt. I hvert svevende hopp
Skjønnhetens edle balanse.
Hvordan må gleden i rådyrets kropp
Være når skrekken kan danse?
Tekst: Inger Hagerup
Oi! Jeg tror jammen jeg er nødt til å lese mer av Inger Hagerup. Hun er jo virkelig en norsk Robert Frost! Brabra! Godt du koser deg snuppelupp!
SvarSlettHo er genial :) Dikta hennar passar like godt for store og for små
SvarSlett