Sider

lørdag 10. juli 2010

Tvi tvil

I dag er ein sånn dag der eg tvilar på det meste, og der det er noko fast i halsen min. Ein dag der alle tankane som surrar i løpet av ei veke, rottar seg saman og bestem seg for å legge seg tungt over meg, og lite ser ut til å hjelpe. Ingenting føles rett, på ein måte: Måten eg tilbringer dagane her heime på, sommarjobben eg har (på eit eldresenter; det å vere der store delar av tida set i gong fleire tankar om alderdom, det å svinne hen, død og generelt livet sin forgjengelegdom enn eg trur eg taklar no). Det eg studerar (litteratur? Har jo null nytteverdi i samfunnet, seier ei stemme i bakhovudet. Sikkert stemma til den same delen av meg som knapt orkar å sjå på ei bok for tida). Framtidsplanane (skriving? Her kjem det med nytteverdi igjen. Og det faktum at eg knapt skriv to linjer i veka. Og at det å vere forfattar krev ein vilje til hardt arbeid på skrivefronten som eg for ikkje har. Ikkje no i alle fall). Kva vil eg, eigentleg?

Eg las - i Allers - i dag om ei dame som har vore med på programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Ho skildra roen som ho berre fann der på garden sin langt borte i gokk, korleis det var plent umogleg for henne å finne den i - eller berre i nærleiken av - ein by. Det er òg noko eg har tenkt på. For av og til held eg på å miste vettet i Bergen, det er så masse folk, så masse lydar og mas og ...  moglegheiter. Kanskje er eg ei som eigentleg berre vil bu på landet og leve enkelt. Drite i heile sjølvrealiseringspresset som kjem til å ligge som ei stadig skiftande sky over heile tjueåra og sikkert endå lenger; kva veit vel eg. Kven er eg, eigentleg?

På Studentsenteret i Bergen heng følgjande ord på heile den eine store veggen inne, i form som eit grønt lauv:

Ein er jo i tvil. Tvilen er der. Han fylgjer oss alle uavlateleg som ein skugge. Uansett kva situasjon ein er i, kan ein ikkje vera heilt sikker på noko som helst. Dette gjeld alt, og ikkje minst gjeld det det uunngåelege: at vi rett som det er må velja. Vi må ta ufatteleg mange val. Vi må velja mellom to eller fleire alternative framtidssituasjonar. Denne kombinasjonen av at ikkje noko er sikkert, og at vi uavbrote er tvinga ut i situasjonar der vi må ta alle desse vala, er katastrofal. Det er blodig urettferdig og gjev inga meining. At universet skulle vera skrudd saman på eit slikt vis at det meste som eksisterer, må møta kvardagen som neglebitande vrak, kan ikkje vera anna enn ein alvorleg konstruksjonsfeil. Eg skulle gjerne hatt eit alvorsord med dei som står bak heile opplegget. Kva tenkte dei? Om dei i det heile tatt tenkte. OK, det er ein del fysiske og biologiske aspekt som har sine gode sider, men sånn konseptuelt og filosofisk er jo heile opplegget på viddene. Det er som om dei berre kjørte i veg – «La oss laga eit univers!», «Ja, kjempeidé!» – utan å tenkja på innhaldet i det heile tatt. Kva skal det handla om? Kva er plottet? Herregud, seier eg. Er det mogleg? Dei kan ikkje på noko vis vera kvalifiserte for denne oppgåva. Kven har tilsett dei? Kva prosedyrar er nytta under tilsetjingsprosessen? Her er det tydelegvis ikkje mykje kvalitetssikring. Det luktar korrupsjon, spør du meg. Vel, vel. Røynda blir den same for meg uansett, eg må til sjuande og sist ta eit val. Det blir uunngåeleg. Ei endring tvingar seg fram, og tvilen må vika for endringa. Det er som om eg seier inni meg: «Halda fast, halda fast, halda fast ... halda fast, halda fast ... sleppa taket.» På eitt eller anna tidspunkt må ein berre sleppa taket.


Eg veit ikkje kven som har skrive det, men eg fann det i alle fall att her.

... 

I dag er dessutan ein slik dag der sjølv spegelen har stemme. Ei ikkje veldig hyggeleg ei.

Heldigvis har eg lært meg kunsten å setje seg i ein sofa med ein kopp nøtter og tørka frukt, og eit glas pepsi max, og berre sjå på dritprogram saman med min kjære mamma (som har bursdag i dag!), og stole på det eg har øvd meg opp til å vite: Det går over.

2 kommentarer:

  1. "Make your life, not a living." -Jason Mraz

    Tror Kurt Johannesen er mannen bak grønt-løv-på-studentsenteret-orda... tror til og med han kan ha designet det hele... kunstnersjel.

    Hils Elin og si gratulerer så mye med gårdsdagen!

    Det går over. Det blir lettere. Det går over lettere. Gradvis. Hadde det godt over med en gang, for alltid, ville man merket det for godt. Man ville ikke kunne vende seg til det. Det gradvise er nesten umerkelig. Men tilvenningen i det gradvise er det som er viktig. Det er det som holder i lengden. Det som knyter det sterkeste forsvarsnett.

    Hva vil jeg? Jeg vet ikke det no mer enn deg. Husk det. Man har en tendens til å tro om andre at de vet mer. Jeg har prøvd å lære deg (og meg) at det ikke stemmer.

    Sier som Holden Caulfield: it's just phony.

    Vi er alle skuespillere i verdensdramaet. Det er ikke kritikerne som dømmer hva en god skuespiller er. Det er publikum. Og publikums smak er delt i alle retninger. Man vil alltid ha tilhengere. Beundrere. En rød rose slengt opp på scenen.

    Jeg savner deg og! Ti røde roser fra meg.

    SvarSlett
  2. Takk for kloke ord <3 Ja, eg har skjønt meir og meir dei siste åra, ved å sjå rundt meg - komme nærare innpå folk, at andre ikkje veit noko meir enn meg kven dei er.

    SvarSlett