Det er få som overgår meg når det gjeld kunsten å avle opp ein heil sommarfuglfarm i magen og ikkje få sove og spinne katastrofetankar rundt eit eller anna eg har sett meg føre at kjem til å bli fælt. Eg har alltid vore sånn, og kjem alltid til å vere det, sjølv om eg blir betre og betre heile tida. Betre til å tenke realistisk på det, og stadig kaste vekk frykta sjølv om den insisterar på å kome attende som ei boomerang.
Den siste plakaten på grue-seg-veggen var det som skjedde i går, då skulle eg vere servitør på eit svært arrangement i Grieghallen med 1500 gjestar. Og dét var no dét; folketalet altså. Det som verkeleg skapte sommarfuglar og sjå-etter-rømningsvegar-tendensar, var at det skulle vere bankettservering og ikkje buffet (der gjestane tek mat sjølv i ein uformell setting og det for oss servitørane for det meste går i rydding). Bankett betyr forrett, hovudrett og dessert, servert av oss der vi kjem ut på lange rekker med kvitt tørkle over venstre arm (og nåde deg om du ikkje har funne din plass i køa til vi skal gå ut, og nåde deg om du ryddar noko før vi har fått gått ut sånn på rekke og rad for at alle skal rydde same tingen på sine bord). Det betyr kvitvin (ei runde), raudvin (tre runder), dessertvin (ei runde). Så og så masse i glassa. Det betyr store, flate fat med hovudretten på (kjøtet) som du ber på venstre arm (tungt! Alt kjøtet til ti personar kvilar på den armen). Som du så skal servere ein einheit av til kvar person rundt bordet, med ein spesiell gripeteknikk med spiseskei og gaffel (folka på mitt bord ville heldigvis ta sjølv).
Då eg kom inn i spisesalen hadde eg mest lyst til å springe ut att. Eg såg for meg at eg mista innhaldet på det store kjøtfatet på nokon når eg må løfte det over hovudet deira for å gå vidare til nestemann, knuste tallerkenar og glas, raudvinsøl, virring rundt når dei andre hadde funne tilbake til køa, desperat leiting etter mitt bord, kjendisar som lo av meg. Dette såg eg for meg. For eg er ein vims. Tenkte: "Det er no dei kjem til å finne det ut, at eg ikkje kan servere. Eg har flyte på lette oppdrag sidan eg byrja i april, men no er det slutt". For eg er ingen servitør. Eg er ingen praktikar. Eg likar å tenke, lese, strukturere skriveoppgåver, dele inn i avsnitt. Men ber nokon meg om å steike ei fiskekake så freakar eg ut innvendig (det har faktisk skjedd). Eg er ikkje skapt for å jobbe i ein bransje der du blir skrike til for mindre enn bagatellar, der alle er stressa og krasjar i kvarandre, der serviettar skal brettast SÅNN og ikkje SÅNN, KVA FEILAR DET DEG, der det blir laga eit oppstuss som om ei naturkatastrofe er på veg dersom dessertbestikka ligg feil eller forretten blir bært ut to minutt for tidleg.
Vi var 140 servitørar den kvelden, og det er mykje av grunnen til at eg takka ja til å jobbe på eit Grieghallen-arrangement akkurat i går, noko som eg før har skydd. Forsvinne i mengda, tenkte eg. Om eg drit meg ut, er det ikkje så mange som merkar det. Og av 140 stk er det kanskje, kanskje, ein sjans for at ikkje eg er dårlegast. Eg snakka mykje med ei av dei andre jentene som eg møtte i garderoba før vi byrja, og då fekk eg forresten gjort meg opp ein tanke eller to om forskjellane mellom folk.
Ho var heilt flunkande ny i jobben, eg hadde jobba sidan april. Ho hadde så vidt fått litt servitøropplæring av sjefen vår kvelden før, eg hadde teke kurset. Ho såg rundt seg med stjerner i auga og synest det heile var kjempespennande, eg snakka berre om kor nervøs eg var. Ho sa "åh, så fint det er her!" når vi kom ned i den gedigne matsalen, eg såg etter rømningsvegar og forestilte meg sjefen min når eg sa at eg var dårleg og dessverre måtte gå.
Tenk om eg hadde brukt veka til å sjå som ho, tenke som ho, forut? Det hadde spart meg for mykje tid kasta vekk til bekymring. For det gjekk jo så BRA! På slutten av kvelden vassa vi i knuste glas på kjøkenet, men ikkje eitt av dei hadde falt frå mi hand. Gjestane fekk mat og drikke når dei skulle, og var nøgde, og eg tødde etter kvart opp og spøkte og lo med dei. Ingen fekk kjøtras i nakken, eg fekk tildela bordet nærast kjøkenet så det var null problem å finne det att kvar gong eg kom ut, og vinsølet besto berre av små dropar frå flaska når eg helte i. Det gjekk over all forventning.
Så eg har - nok ein gong - lært.
Men sommarfuglfarmen kjem til å vere like stor til neste greie som er skummelt og ukjent. Det er berre slik eg rullar.
Halloooo jeg hadde også vært skikkelig nervøs for den jobben! At du i det hele tatt jobber som servitør synes jeg er veldig tøft av deg Junemin! Og det gikk jo bra! Hurra! (og alltid greit med litt ekstra penger i lomma også, for jeg regner med de betalte deg godt, hvis ikke skal jeg komme å gi dem et tupp i ræva!) :P
SvarSlettJeg er et nek. Essayskrivingen min går i sneglefart og jeg lar meg distrahere av alt og ingenting. Så skal jeg på arrangement senere ikveld også. Dette blir en lang natt :P Ok, skal være flink nå å jobbe med ord (rart at det skal være så tiltak).
Har du vurdert å bli kåsør? (er det det det - lol - heiter?) KÅSERIMANN då. Ja, MANN, ja.
SvarSlett