Sider

søndag 12. september 2010

Om sorg

Det fins ei fin linje mellom kva ein burde og ikkje burde publisere på ein blogg. Dette er noko eg har tenkt over ein del i det siste, og som eg merkar hemmar meg litt når eg skal skrive her. Eg er usikker på om eg har kryssa denne linja tidlegare. Kanskje for nokon, kanskje ikkje for andre. Og kanskje gjer eg det no.

Men eg veit kor mykje eg har lært og kor mykje rikare eg har blitt av å lese sterke blogginnlegg frå modige menneske som har våga å dele. Til dømes trur eg at eg tør påstå at eg har lært meir av å lese bloggar som omhandlar psykisk helse enn eg nokon gong ville gjort på eit profesjonsstudie i psykologi.

Uansett, dette er eit innlegg eg har hatt i magen lenge.


Nokre dagar er slik at ein kan trekkje dei ut av eit tjueein år gammalt liv og vite akkurat nyansen, fargane, lydane og følelsen av dei. Lørdag tiande januar totusenogni er ein slik dag.

Eg befann  meg på den tida på Åsane Folkehøgskule. Vi hadde hatt laurdagsseminar den dagen. Dansing. Deretter hadde vi ete graut og drukke raud saft. Nei, eg drakk ikkje raud saft, men det andre gjorde det. Anke og eg kledde oss så i tjukke jakker og skjerf, og gjekk alle bakkane opp til Spar Hylkje. Eg tenkte på om eg hadde brukbart med pengar, og om pappa hadde ført over dei tre hundrelappane han pleidde å sende til kontoen min kvar måned.

På ettermiddagen sette eg meg til i senga med Dagbladet sitt Magasinet som eg hadde kjøpt på butikken. Eg las om ei grusom menneskeskjebne som gjorde veldig inntrykk på meg. Personen det gjaldt hadde fått heile sitt liv øydelagt, og av ein eller anna grunn byrja eg å tenkje på ei bestemt scene frå "The Hours", der den suicidale Virginia (Nicole Kidman) sit på ein benk med si vesle niese etter at dei nettopp har funne ein død fugl:

-- What happens when you die?
 -- You go back to the place you came from.

For det har eg syntes eg var ein så vakker tanke, heilt sidan den gongen eg såg filmen i ein engelsktime i andreklasse på vidaregåande. Å få kome tilbake til den opprinnelege tilstanden; før alt i denne verda kom med sine støypeformer. "Der ingen kan skade oss. Alle er barn. Beskytta under sola", som eg skreiv i eit word-dokument denne januarlaurdagen for over eit og eit halvt år sidan. Eg trur på det, det gjer eg verkeleg. Så får dei seie kva dei vil. Det bryr meg svært, svært lite.

Så ringte telefonen. Og i løpet av fire sekund hadde ei mammastemme rukke å sagt at ja, det har skjedd noko, og no må du vere sterk, June, og at pappa din er død. Og kvardagen med litteraturlærdom, fjas på internatet i pausene, strikking og leik hadde fått tid til å rakne og eg falle i kne på golvet.

Så begynte ei ny tid. Ei tid med tårer, som kom sorga i forkjøpet. Ei tid utan nok søvn, og lemmer med små blylodd i kvar morgon, som minna meg på det hukommelsen dei få tidelane av tid ikkje greidde å kome på i søvnen sine etterdønningar. Ei tid med rørande omsorg frå mine næraste. Og ei tid med tanketrommelen på full guffe. Den siste tanken eg kanskje sende han, og den handla om pengar? (...) Kvar er han? Kvar er han? (...) Han prøvde å ringe meg ein av dei siste dagane kl. 21:49, og eg tok ikkje telefonen. (...) Det er ikkje vits, det er ikkje meininga at eg skal ha det bra (...) Dei seier eg er sterk, men dei veit ikkje. Dei veit ingenting.

På folkehøgskulen var vi rundt femti elevar, og i overkant av ti lærarar. Ein liten familie, slik som berre dei som har gått på folkehøgskule sjølv kan forstå. Alle får vite det når det skjer noko, og det er i slik situasjonar som den eg hamna i ein verkeleg får sjå kva som bur i folk. Eg fekk ikkje ein einaste reaksjon frå nokon som eg opplevde som vond. Når eg tenker tilbake på det, hugsar eg klemmar, forsiktige ord frå folk som ikkje heilt visste kva dei skulle seie, men som ville vise at dei brydde seg. Eit lett stryk over ryggen mens vi smurte matpakke rundt bordet midt i matsalen, frå nokon som ikkje fann ord i det heile teke. Ein nydeleg blomedekorasjon med sommarfuglar i pluss eit kort frå dei på internatet. Ein lærar som synte omsorg ved å ordne det til slik at eg fekk det lettast mogleg med tanke på fråvære og slikt og formidle bodskapen på morgonsamling mandags morgon, så eg slapp å svare på spørsmål.

Eg var tilbake i undervisinga tysdagen rett etter, og eg veit at det overraska folk. I årboka mi står det i helsingane frå mange ordet "sterk". Det var fleire som sa det til meg, at eg var sterk. Det ordet, i den situasjonen, på det tidspunktet, skulle kome til å bety for meg så mange ting. Eg kunne føle meg tom, stolt og i neste sekund falsk, og så var det berre vondt. Kva skulle eg med styrke når eg berre ville ha pappa tilbake?

Stolt. Den umettelege delen av meg, barnet, som hungra etter bekrefting på å ha pressa krefter langt utanfor mine eigne grenser. Men den bekreftinga hadde ikkje kome før i dei seinare år, då frå alle moglege hald. No plutseleg dei. Og det føltes godt i det vonde, slik som dei første gongane det skjedde. Noko som sjølvsagt førte til sjølvbebreiding på dette tidspunktet, for eg skulle jo sørge.

Falsk. Dei kunne ikkje vite, at eg for ein svært stor del hadde mista han for lenge sidan. At den styrka dei rosa meg for, var for ei sorg som hadde fordelt seg jamt over heile livet mitt, og som ikkje nødvendigvis var sterkast då tapet var permanent i all si tyngd. Som ikkje nødvendigvis innfridde kravet til ei som skal sørge etter eit nært dødsfall. At når dei såg for seg at deira eigne fedre døydde, så såg dei ikkje det same som eg.

For det er ingen som kjem og kondolerar når du mistar faren din til alkoholen.


Pappa som kalla meg lisjevennen heilt til det siste, eit ord eg framleis kan mane fram klokkeklart med han si stemme når eg vil. Pappa som ringte meg for å spørre om eg "bræla" med (dulla med /skjemte vekk) katten, og som sende ein svær pakke med kjøpt bøkefisk (tørrfisk), som er det beste eg veit og som er svinedyrt å kjøpe, til folkehøgskulen jamleg, så ein kunne kjenne det lang vei på lukta når eg opna pakken. Pappa som kunne alt om fiske, båtar og hav, og som aldri var redd for å seie eller skrive at han var glad i meg. Pappa som aldri tok av seg gifteringen trass i at han og mamma skilte seg ti år før. Pappa som sa "shit happen" utan 's' på slutten, og som fekk meg til å le meg ihel. Pappa som følte så mykje at han måtte drukne det. (Slik ser i alle fall eg det).

Pappa som eg saknar, og som ville ha fylt seksti år i går.

Farfar og pappa.

Eg veit ikkje heilt kva hovudgreia i det eg prøvar å seie her, er. Kanskje at det fins så mange slags typar sorg. Og at dei største er ofte dei ein ikkje ser. Dei som fordelar seg ut over mange dagar og netter, veker, månader, år. Dei som ikkje kjem som ei bombe i telefonform, men som små glassplintar. Redslar utan ord, slitte håp, brotne løfter. Det som ikkje skal skje men som skjer igjen og igjen. Utan at nokon si verd rasar saman utanom di eiga, vesle, store, einaste.

Og så er det veldig viktig for meg å streke under at pappa er eit mangenyansert mosaikkbilete som eg berre har fått ein del av gjennom dei nitten åra av han sitt og mitt liv vi delte. Følgjeleg blir det eg "veit" om han berre ein mikroskopisk del - og det du no les endå, endå mindre. Men i denne ørvesle biten er det mykje å ta omsyn til. Mamma, søskena mine, onkler, tanter og så vidare. Det seiast at kvart familiemedlem har sin eigen familie. Eg håpar ikkje eg har krenkt nokon ved å skrive dette, og at eg har fått fram det eg ville seie om sorg og om den snillaste og einaste pappaen i livet mitt.

Gratulerer med vel overstått <3


20 kommentarer:

  1. Jeg har lest bloggen din en stund, men aldri lagt igjen en kommentar. Nå kunne jeg imdlertidig ikke bla meg videre uten å si noe. Takk for at jeg fikk lese denne sterke teksten, tankene dine! Jeg har også mistet pappaen min til alkoholen, og det er virkelig mange følelser knyttet til det. Du skriver så vakkert om dette, og med en respekt og ære over for pappaen din.

    Så. Jeg vet ikke helt hva mer jeg skal si enn at du er ikke alene om å ha opplevd dette (eller det er du jo på sett og vis, ingen andre har gått igjenom DITT liv - men vi er flere med lignende erfaringer...) og alle følelser som følger med.

    Takk igjen for at du delte!

    Klemmer fra Felixia

    SvarSlett
  2. Akkurat nå har eg ikkje ord, June. Sit her med tårer i augo. For ein sår, men samtidig vakker tekst. Eg syns at du framstiller faren din, og følelsane dine rundt han, på ein veldig fin måte. Føler ikkje for å utdjupe for mykje i eit kommentarfelt på ein blogg, men du veit kvar du finn meg, og at hjartet og øyro mine er her for deg. Eg tenkjer på deg!

    SvarSlett
  3. Jeg gråter faktisk litt nå, for dette er et utrolig sterkt innlegg som jeg er glad for at du delte. Og jeg har så masse jeg kunne sagt, men noen ganger virker ord utilstrekkelig.
    Skal heller ikke si noe om styrke, selv om det virker som "det rette", fordi jeg vet hvordan det føles, jeg kjenner altfor godt den dobbeltheten styrke medfører.

    Nå har jeg aldri opplevd sorg på den måten du har (ved at noen dør), men jeg opplever sorg over forhold til nære mennesker som burde vært bedre. Og det gjør vondt, hver dag.
    Likevel, hver gang jeg får litt mer innsikt, litt mer selvinnsikt om disse forholdene er det litt lettere å sove, å tenke på det, litt mindre vondt (selv om jeg er smertelig klar over at det alltid vil gjøre vondt).

    Nei, nå babler jeg i bloggen din.
    Takk for at du delte, June. <3

    SvarSlett
  4. June, nå gråter jeg og... Så nydelig, vakkert og fryktelig trist på en gang.

    En takk fra meg og :)

    SvarSlett
  5. Herregud så fine dåkke er! Eg les desse kommentarane igjen og igjen <3

    Felixia: Tusen takk for fine og taktfulle ord! Og all medkjensle til deg for di historie med å miste nokon ein har nær til alkoholen. Det er godt å høyre frå nokon som har opplevd "det same". Og tusen takk for at du les bloggen!

    Silje: Hjarte på deg! Tusen takk for gode ord <3

    Charlotte: Fine du <3 Takk så veldig mykje for dine kloke ord og innblikk i andre forhold. Det er veldig leit å høyre om slik du har det, det var mellom anna slikt som du skildrar eg ønska å romme då eg skreiv om at det fins så mange ulike typar sorg. Takk for at du delar :) og du står fri til å bable så mykje i bloggen min som du berre orkar!

    Kristin: Tusen, tusen takk for orda dine <3

    SvarSlett
  6. <3 fantastiske, fine June.
    Jeg er rørt.

    SvarSlett
  7. Tusen takk, fine <3 Saknar deg!

    SvarSlett
  8. Følte dette var tidspunktet for å avslutte min anonyme sniklesertilværelse og kunne skrive under med mitt eget navn på at jeg elsker bloggen din og dette var det fineste, og kanskje tristeste, jeg har lest på lenge. Du er så flink til å skrive, og det er jeg sikker på at du kan komme langt med.

    Hilsen Martha, eks-akademisk skriving (ellen mortensen og hedda gabler kan ta seg en bolle)-kollokviegruppe-oppmøter. Hu hei for en setning! Evt din eneste Martha-venn på facebook (så vidt jeg kan se:))

    SvarSlett
  9. Martha! Då var du ikkje den eg trudde :) Men så kjekt at du les og likar bloggen, det gjer meg så glad så glad! Og tusen takk for gode ord <3

    Haha, Ellen Mortensen, lesbiske Hedda Gabler og hårmotivet i mitt hjarte!

    PS: eg har hatt mykje artig tankegrubleri for å finne ut kven den anonyme sniklesaren var! No kan eg sove godt i natt ;) Neida!

    SvarSlett
  10. Kjempefint innlegg June, set med tårer i augene som så mange andre av dei som har lese det! Henriette vart overaska når ho såg at eg hadde lagra bloggen din som "favoritt", synst ikkje det er rart i det heile tatt eg! Bloggen din er kjempebra, synst det er fint at du skriv om masse personlige ting i staden for om interiør, mote, sminke o.l som så mange andre! Du er flink! :)

    SvarSlett
  11. Hei Sara! Tusen, tusen takk for fine ord :) og for at du har lagra bloggen som favoritt - Henriette sa det, og eg vart no litt overraska eg òg :) Men det er veldig kjekt å høyre!

    SvarSlett
  12. Ida Wulff kan ta seg en bolle. Du er megasuperdupervanvittig flink og nydelig <3

    SvarSlett
  13. No har eg lest sju gongar gjennom, og eg finn aldri ut kva eg skal skrive, sånn at du skjønna at det du skreiv rørte meg. Eg er veldig, veldig glad for at du delte. Du er god <3 (både godhjarta og god å skrive).

    SvarSlett
  14. Glad i deg, Henri-mor <3 Tusen takk!

    SvarSlett
  15. Veldig fint innlegg. Kjenner meg igjen i det du skriver om å "miste noen til alkoholen" -- har kjent noe sånt på kroppen selv.
    Glad du hadde folk rundt deg som brydde seg. FHS er fint sånn, du blir lett en del av en slags familie, som du skriver:).
    Stå på!

    SvarSlett
  16. Åååå... Dette var vakkert <3 På den måten noe så vondt kan være vakkert..
    Jeg har selv hatt en mamma som var bestevenn med alkoholen, og som i 2006 døde av hjerteinfarkt. Jeg var nitten år, som du..(?) Heldigvis har jeg de gode minnene med meg videre. Det er alltid litt vondt, det kommer og går litt, men det blir bedre.
    Takk for at du delte <3

    SvarSlett
  17. Tusen, tusen takk for så fine og gode kommentarar som antakeleg betyr meir enn de anar <3

    SvarSlett