Sider

fredag 8. oktober 2010

Confessional song vol. II

Hei, eg heiter June, og eg...

... kjøper klistermerker og/eller hårklemmer på dårlege dagar.

... har eit særdeles traumatisk forhold til Jakten på nyresteinen.

... tek bilete i smug av eldre par som held hender (dersom du spør pent, kan du få sjå samlinga mi).

... svarar berre ærleg på livet sitt største spørsmål, "korleis har du det", til ein handfull personar. 

... elskar og hatar å skrive. 

... vil så gjerne vise fleire av mine ukonvensjonelle sider til fleire enn nokon få, men eg krympar under eit blikk som har eit snev av dom i seg, og endar opp med å moderere meg sjølv og så hate meg for det.

... er ei klemmejente.

... har ein blome i ei potte som heiter Trygve (blomen altså, ikkje potta).

... skulle ønske livet av og til var som på film. Og det er det jo. Men litt oftare, liksom.

... har byrja å jogge jamleg, og likar det.

... føler eit hopp innvendig og ei rein lukke, heilt utan å reflektere over den (som eg vanlegvis gjer), kvar gong eg ser ein hund eller katt, eller kva det måtte vere frå dyreriket, på gata.

... mistar trua på meg sjølv og verda annakvar dag.

... et ei skål firkorn med ekstra lett melk på og ei teskei jorbærsylte til frukost kvar dag, bortsett frå kanskje søndag.

... blir kvalm av vampyrseriar. Ikkje på grunn av synet av bit og blod, men lydane. Knekke-lyden i bitet, slurpe- og slafselydanse, glugg glugg når dei drikk blodet og æsj.

... er terapeutisk avhengig av å strikke for tida.

... likar ikkje når pærene er blaute, ikkje littegrann eingong, men eg likar det meste anna som er det. Eg er ei sånn jente som let kjeksa ligge i ein open pakke ei veke for at dei skal bli mjuke, og som lagar til frukostblandinga tjue minutt før eg skal ete den.

... elskar jul.

...tenker kvar dag at "i dag skal eg droppe forelesing og heller gå ut i skogen eller på fjellet, ikkje planlegge noko, berre stenge verda ute, kanskje ta med ei bok", drite i alt eg skal og bør og må, utøve sivil ulydnad mot den strenge øvrigheita inni meg. Men eg utset det alltid. "Må berre få kontroll på pensum først. SÅ skal eg vere impulsiv og rebelsk". Utan å planlegge noko, så klart.

... er full av kontrastar, og sjølv om det har gjort og gjer meg sprø, ønskar eg det ikkje annleis.

10 kommentarer:

  1. Veldig bra egenskaper ^^

    SvarSlett
  2. Ekstra punkt: June har evnen til å se inn i seg selv og være mer bevisst en noen annen jeg kjenner på hvordan hun skal behandle andre godt. Borsett fra en del banneord hører man sjelden June si et vondt ord om andre!

    <3

    Kommentar:

    -Har Tryggve mistet en g det siste halvåret? Har han blitt mindre unik? Send ham litt karbondioksid fra meg, så han kan lage enda mer glede i form av oksygen på rommet ditt!

    - Åh, om livet var som en Jane Austen film, da hadde jeg blitt lykkelig! (hvertfall om det var som de fine delene av den: Lizzie Bennet, Mr. Darcy, gamle steinhus og store sletter med vakre trær. Vi får det nok sånn en dag vi også!)

    - Jogging!!!????!!! Har det klikka for deg??? Og liker det.... det kan umulig være sunt! Men jeg sier meg svært imponert!

    Olivenjus!

    SvarSlett
  3. Ekstra punkt: June har evnen til å se inn i seg selv og være mer bevisst en noen annen jeg kjenner på hvordan hun skal behandle andre godt. Borsett fra en del banneord hører man sjelden June si et vondt ord om andre!

    <3

    Kommentar:

    -Har Tryggve mistet en g det siste halvåret? Har han blitt mindre unik? Send ham litt karbondioksid fra meg, så han kan lage enda mer glede i form av oksygen på rommet ditt!

    - Åh, om livet var som en Jane Austen film, da hadde jeg blitt lykkelig! (hvertfall om det var som de fine delene av den: Lizzie Bennet, Mr. Darcy, gamle steinhus og store sletter med vakre trær. Vi får det nok sånn en dag vi også!)

    - Jogging!!!????!!! Har det klikka for deg??? Og liker det.... det kan umulig være sunt! Men jeg sier meg svært imponert!

    Olivenjus!

    SvarSlett
  4. Oda: Tusen takk skal du ha ^^

    Anke: Å, du anar ikkje kor glad og varm om hjartet eg blei no! Tenker du verkeleg det om meg? Tenker NOKON verkeleg det om meg? (incoming: sjølvkritisk periode) ^^
    Kommentar til kommentarar: Ja, eg klarte ikkje den ekstra g-en lenger; berre fordi IKEA elskar skrivefeil så blir ikkje det mindre smertefullt for meg. Jaa, Jane Austen :) med sånne kjolar og sånne kjensler (eg trur eigentleg kjenslene er det same. Er det noko eg har lest av å studere litteratur frå antikken og fram til no, er at menneskesinnet er forbaska likt). Jogging ja, var det eg sa :) men eg likar framleis best å sykle og gå då!

    SvarSlett
  5. Hold på den hjertevarmen! Klart jeg tenker det om deg! Det er jo sant!

    Åh, June, nå må jeg få klage litt. Kan du sende litt gode vibber min vei? Jeg er kvalm som fy og har ligget i senga i 24 timer og er leeeeeeei! Jenny er en engel og duller med meg og har laget mat til meg, men jeg får den ikke ned. Bajs.

    SvarSlett
  6. Å neeeei! Gode tankar med kaffilatteskum på (sjølv om det kanskje ikkje er det du vil tenke på no :P) og saltstenger sendt din veg! Du får ikkje lov til å bli sjuk no, sånn då var det bestemt. Om nokon absolutt må bli sjuke for at verda skal gå opp, så overtek eg den for deg; eg sit berre på rommet og synest synd i meg sjølv om dagane uansett, kan like så godt ha ein grunn for å gjere det ;)

    SvarSlett
  7. Åh, det er de beste tankene jeg har fått! Kaffelatteskum! mmmm! Jeg har fått en blund, og kvalmen er nesten borte, så nå er jeg snart klar for en dusj og prøve å få imeg litt mat. 30 timer siden sist, så det begynner å bli på tide! Greit at det skjedde i helgen da, og ikke midt i studieuka! Du fåkke lov å bli syk du heller! Gode tanker med pepsimaxbobler på sendt din vei! Og youghurtnøtter! Og nutrilett! Mmmm!

    SvarSlett
  8. Så glad for å høyre det! Yoghurtnøtter og nutrilett <3

    SvarSlett
  9. Punkt 1: Eg plar òg å kjøpe ting som gjer meg glad på dårlege dagar.

    Punkt 2: Det trur eg at eg òg har. Med tanke på det siste ordet i tittelen.

    Punkt 3: Så søtt! <3

    Punkt 4: Eg likar måten du har formulert dette punktet på, og er absolutt einig.

    Punkt 5: Kan eg få eit gratiseksemplar når du blir forfattar? Med autograf inni sjølvsagt. Høhø.

    Punkt 6: Søta.

    Punkt 7: <3

    Punkt 8: Kvar er Trygve? Har dessverre greidd å oversjå han dersom han er her i Bergen.

    Punkt 9: Eg likar når livet er ein komedie. Skrekkfilm er det litt værre med ...

    Punkt 10: JOGGE?! ZER I ØST? Du har STORE problemar, menneske! Dra deg til DPS på sekundet! Det er berre dopa bergensarar som joggar frivillig, og det er berre dopa bergensarar som er galne som LIKAR det i tillegg. Skjerpings!

    Punkt 11: Å, eg såg ein katt utanfor vindauga mitt då eg sat og åt frukost i går. Eg spratt opp og sprang til døra, men han såg berre stygt på meg og sprang for harde livet. Eg tenkte at eg skulle "låne" han litt.

    Punkt 12: Eg heldt ein knapp på den halvparten av dagane der du ikkje mistar trua.

    Punkt 13: Nå skal eg snart ete middag. Eg er dritsvolten! Middagsdate snart?

    Punkt 14: ÆSJ.

    Punkt 15: Strikkegalehus er å finne hjå meg ;)

    Punkt 16: Hahaha, blaute pærer :D

    Punkt 17: Eg òg!!! <3 Eg gledar meg så sjukt til jul!

    Punkt 18: DEI SA at du skal gjere det.

    Punkt 19: Eg likar deg kontrastfylt!

    Anke-punkt: Einig.

    SvarSlett
  10. Siljemora <3 Vi skal ha middagsdate snart! Og takk for at du likar meg kontrastfylt, og at du held ein knapp på dei dagane der eg ikkje mistar trua :) du er så fin du, og er ein av grunnane til at eg har dagar der eg ikkje mistar trua <3 Haha, då du skreiv at du var dritsvolten og spurte om vi skulle ha middagsdate snart, kunne ein tolke det som om du ikkje får mat før den tid :D eg vil på det sterkaste fråråde at det skjer!
    Trygve har hatt tanta mi som plantevakt i heile sommarferien, og fått formidabelt stell, nesten så eg ikkje kjente han igjen når eg no har henta han i hus att. Nesten så eg såg blada byrje å henge med hovudet med ein gong han såg meg :/

    SvarSlett