Som barn, på veg heim, når ein var så gjennomvåt at ein ikkje kunne bli våtare, og tenkte at då kunne det likevel berre stå til. Springfart og hoppe i alle dammar, små innsjøar i mange tilfelle, ved sida av vegen; leggane klemt heilt opp i låra i svevet før ein strekte beina ut og planta heile seg i vatnmassene. Spruten til alle kantar, surklet i skoa, kjensla av vatn som rørte på seg mellom tærna. Spranget frå den eine innsjøen til den andre, ingen grenser, ikkje noko før eller seinare, berre vatn og svev og eksplosjon og gjenta. Gjenta. Til du er sikker på at regnet ikkje kan trenge djupare, til du veit at svevet ikkje kan ha større fallhøgde, til den uunngåelege implosjon. Til du har trengt ned i alle søledammar som trengast ned i kan, til du har pirka lengst ned i sølebotnen, til du er så dekt av våt jord og piskregn at du er ugjennomtrengeleg, og dei er berre dømde til å late deg vere. Vere du og vatnet ditt, i endelause straumar i endelause svev.
åh!
SvarSlettEg hoppa i sølepytt seinast på søndag. I vanlege sko. Herleg!
<3 Elsk! Nei, nå må jeg gå å legge meg! Jeg har endelig blogget om eventyret mitt da! Åh, jeg savner det!
SvarSlettEg hoppa òg i søledammar i går, sjølv om eg mistenkjer at dette blogginnlegget har ei dobbelt tyding. Fint bilete forresten! :)
SvarSlett