Sider

mandag 18. oktober 2010

Gje faen

Etter ei nyleg utblåsing foran mi kjære bufelle, Stine, over alt eg stressar med og at eg sjeldan klarer å slappe av, her i storbyen - som for meg er ein stad der ein skal realisere alt mogleg langt inn i evigheita heilt til ein er som ein hamster på steroidar med sukkerkick i eit hamsterhjul som prøvar å nå att augeblikka den passerar for kvar vending hjulet tek - og ho sa til meg "du må rett og slett bare lære deg å gi faen, June", bestemte eg meg for at eg skal gjere nettopp det, at eg må gjere nettopp det.

Eg må berre bli ferdig med alt eg skal først.

11 kommentarer:

  1. Remember to breathe. Et av mitt viktigste mottoer det der. Enten det er eksistensielle kriser det går i, eller stressa perioder. Det går ikke an å gjøre alt man "skal". Det er menneskelig å kapitulere. Godt du har Stine! Hun er god! Gode visdomsord det der. Banning er svært godkjent i dette tilfellet! Lots and lots and lots of love!

    SvarSlett
  2. Stine er smart. Veldig smart. Men eg kjenner ho så godt at ho treng det visdomsordet sjølv òg. Det burde vere obligatorisk med minst ein kviledag i veka. Tvangskviledag. Det har eg i dag, og eg nyt det. Det er strengt forbode å gjere ting eg kan utsetje til i morgon.

    SvarSlett
  3. Å gi faen er det vanskeligaste som finnes. Men så så viktig. For ingen av oss kan redde verda og månen dett ikkje ned om ikkje alt blir gjort i dag.

    Anke over her skriv om pusten. Og den er viktig. I kvart einaste utpust kan vi gi slipp på noko som ikkje gagnar oss og i kvart innpust kan vi ønske velkommen noko vi drøymer om.

    PS. Takk for kommentaren på bildet mitt, det varmar veldig. Eg vel å puste det inn. : )

    SvarSlett
  4. Tusen takk for kommentar! Det med innpust / utpust og ønske velkommen / gje slepp trur eg er veldig viktig. Mindfulness kallar dei det vel.

    Ja den kommentaren kan du berre innhalere til du blir blå, for den kom frå hjartet :)

    SvarSlett
  5. Hva er det verste som kan skje om du utsetter litt? At du slapper av?

    Jeg har akkurat samme problemet selv, og det er så flott.. å lese at du vil gi mer faen.
    <3
    Apropos mindfullness: lao tse - tao te ching er fantastisk lesing når det kommer til slikt. Selv om jeg ikke er religiøs i det hele tatt, har den boka hjulpet meg blir mer zen, mer sentrert/bevisst og mindre... destruktiv/negativ.

    SvarSlett
  6. Charlotte: tusen takk for tips! Det skal eg så definitivt sjekke ut.
    Det verste som kan skje ja, eg uttala same setninga til ei god venninne i dag :) må prøve å byrje å leve som eg lærer. Vanskeleg det der!

    SvarSlett
  7. Tusen takk! Jeg liker bloggen din veldig godt også.

    Jeg er litt motsatt av deg: gir kanskje litt for mye faen - men samvittigheten tar igjen for det, så jeg klarer sjelden å slappe helt av likevel.

    SvarSlett
  8. Då trur eg vi har noko av det same, for eg bruker veldig mykje tid på å tenke på det eg skal gjere og ha dårleg samvit for det eg ikkje gjer, men ganske lite tid på faktisk å GJERE det ;)

    SvarSlett
  9. Ikke lær dere å gi f.. da vær så snill :) Lær dere heller å blokke ut uviktige ting og fokuser på de viktige tingene i stedet. Men aldri, aldri gi faen.

    SvarSlett
  10. Nei det var i den forstand eg tenkte :) Gje faen i det som bør gjevast faen i.

    SvarSlett