Kjøpte Snøre for første gong på kanskje seks år. Og det var ricktit gøtt.
Hercuuuuuuuuuuule. Poirrroooooooooooooooot.
Testa gamle bursdagsselskapskunstar: Snøre som sugerør. Funka framleis, så klart.
Martine var søt.
Henriette likeså.
Fine Martine hadde kjøpt magnetpoesi til meg på interrail, med tema berre kjærleiksord. Eg tok dei i bruk med ein gong, og eg må berre seie: det kjem frå hjartet. Det gjer det verkeleg.
Vi spelte president med mine fabuløse (går det an å seie? Visst ikkje så innfører eg det no) Irish Writers-kort. Og Hufsa ovanfor her vart som vanleg heilt nazi: "LEGG DÅÅÅ! KOM AAAN!". Småprating tolererast IKKJE dersom det forseinkar kortspelinga.
Den dagen ho der får legefrakken på seg håpar eg det første ho gjer er å sjølvdiagnosistere seg med svært alvorleg og kronisk konkurranseinstinkt.
Den dagen ho der får legefrakken på seg håpar eg det første ho gjer er å sjølvdiagnosistere seg med svært alvorleg og kronisk konkurranseinstinkt.
..............
Så var det plutseleg laurdag, og kortnazien og meg sjølv tok bakvegen opp til Stoltzen for å sjå masse folk prøve å drepe seg sjølv på ti-femten minutt, pluss minus. Den mest suicidale sprang på åtte minutt og tjueto sekund. Eg brukar atten minutt, eg. Og *kremt* femtito sekund.
Lol #1.
Lol #2.
Lol #3.
Lol #4.
MEN: så kom der ein KJENDIS! Henri sa det til meg, "snart kjem Raphael Poirée", og han er jo på REKLAME! Vent litt, det der er ikkje han. Det er han som eg trudde var han, heilt til eg merka at han i så fall må ha utvikla eit betydeleg dårlegare hårfeste den siste tida. Men det er ikkje så rart, når Liv Grete tvingar han til å vere med i Ali kaffi (ellerkvasørendeter)-reklame tjuefire/sju.
DER! (Raphaeeeeeeeeeeeel. Poiréeeeeeeeeeeeeeeee.)
Sukk, tenk at han har trent seg opp etter ulukka og sprang berre for meg!
Han gav slengkyss og alt, ein berre ser ikkje det på biletet.
Sukk, tenk at han har trent seg opp etter ulukka og sprang berre for meg!
Han gav slengkyss og alt, ein berre ser ikkje det på biletet.
Men det gjer ingenting, for eg tok han att etterpå, og sprang etter han ned heile bakken. Han ropte ut kjærleikserklæringar heile vegen, ein berre ser ikkje det på biletet. For ein kan jo ikkje sjå på eit bilete kva folk SEIER dåå!
Eller kan ein det?
Eg elskar deg òog Raphael! Kom til meg, så kan Liv Grete sitte der på fjellet med Ali-kaffikoppen sin og le ein trillande latter med perlerada si inn i evigheita. I don't care, lsm.
Jaudå, neidå. Eg skulle eigentleg lese no.

Haha! Eg er kanskje ein kortnazi med helseskadeleg konkurranseinstinkt. Men du elskar meg vel for den eg er?
SvarSlettBiletet av deg og din kjære trur eg er noko av det vakraste eg har sett. Det var jo endå vakrare live då, sjølvsagt. Når ein høyrde alt som blei sagt og gjort.
Og BTW; Er ikkje Kristen Skjeldal kjendis nok for deg?!!
Sjølvsagt elskar eg deg for den du er! Nesten like mykje som med Raphael. Ja ikkje sant biletet var vakkert? Trur eg på printe det ut i A4-format og ramme det inn.
SvarSlettKristen Skjeldal?? Er det han som melder veiret på NRK?
Ja, det er han. Kjende du han ikkje igjen?! :-O
SvarSlettHAHAHAHAHAHAHA! ELSK <3
SvarSlett(eg vann og!)
(og syns ikkje veggisburgarane var sooooo misslukka eg då...)
June, slutt å studer å begynn me å blogge på heiltid! :D
SvarSlettyou make my day, uansett ka du skriv om ;)
Hahaha! :P
SvarSlettHahahaha, Raphael! :D
SvarSlettEinig Martine. Dei var berre litt smaklause, men ETBARE :D
SvarSlettSmaklause...!!!! Griin. Neida. Men neste gong får dåkke komme og hjelpe meg med krydringa på eit tidlegare tidspunkt.
SvarSlettEg skal ta med meg litt krydder eg. Så blir det nukk fart på sakjene ;) Men tanken var god. vi vart no mette :) Og det smakte no vertfall ikkje ekkelt!
SvarSlettFreakin' fantastic! I almost wet my pants, but that's mostly because I need to use the bathroom... Laughing so hard, event though I don't know who the guy is...should I? ...og jeg innså akkurat at jeg skrev på engelsk. LOL. Blir helt forkludret her borte :P Men jeg liker at du bruker ordet fabuløs! Hahhahaha, jeg ler fremdeles! Olivenjus!
SvarSlett