Gjekk forresten òg opp for meg at eg berre har publisert seks blogginnlegg i september. Skandale. Det er det lavaste talet eg held meg på bloggstatistikkmessig, og det er tredje gong det skjer. Første gong = desember -09 = eksamen. Andre gong = mai -10 = òg eksamen. September -10? Inga gyldig unnskyldning. Så denne månaden er det skjerpings. Eg skal faktisk slå månadsrekorden min på 21 innlegg. Der, no er det sagt. Bra at oktober er ein lang månad.
Nuvel.
Det har vore...
Tilrigging i ny leilegheit. Skru, hamre, kvelve, banne. Men ei handywoman lukkast alltid til slutt.
Ja, eg likar silkeband.
Draumefangaren får flagre i vinden.
Og vindfangaren gjer det same, mens den nyt solnedgongen kvar kveld saman med meg.
Det har vore innflyttingsfest. Der alle likte lampen. Elles spelte vi kort, prata, inntok drikke av eige val og gjorde slik ein elles gjer på sånt. Trur eg.
Rebecca, som no manglar bakkekontakt fordi ho sit på eit fly til India, og ikkje kjem att før i desember. Eg og Stine lurer på kva vi skal bruke rommet hennar til. Eg tenker hopperom (madrasser, puter, bamsar).
The gang.
Ina var der.
Eg hoppa i senga etterpå. For eg har éi-tjue-seng for første gong i mitt liv.
Lesing og middag ute på vår vesle veranda tidleg i september.
Med ein litt plagsom ven. Stikk'a. (Hoho, den satt).
Og eg blir aldri lei av utsikta frå glasa mine om kveldane.
Å, June, du er så søt! <3 Likt godt det mørklagde rommet ditt med stearinlys. Eg elskar sterinlys. Likte òg godt bileta frå innflyttingsfesten. Hadde nesten glømyt den morosame lampa. Du må kome hit og tenne lys ein kveld!
SvarSlettJUNE <3
SvarSlettElska bildene, hadde glømt kor kjekt vi hadde de den kvelden:)
Elska romme ditt (maks misunnelig på utsikta!)
Elska at du ska blogge masse dinna månden! og viss du slite me tema'er å skrive om, so vil eg bare minne på at 10 oktober e en viktig merkedag, då ein veldig viktig og herleg person fyller år liksom:D hehehe
Det ser ordentlig hyggelig ut! Kjempe fin leilighet! :)
SvarSlettKan jeg spørre deg om hvordan du får bildene dine så store?
Silje: Tusen takk! Eg òg elskar stearinlys, men er paradoksalt nok svært lite flink til å tenne sjølv. Det har eg tenkt å gjere noko med i haust og vinter :)
SvarSlettIngrid: Takk og takk og takk! Åh, bursdag? Kven då? ;)
Fant den via en eller annen felles interesse vi har skrevet på profilen våres :) Veldig kjekk måte å finne nye blogger på faktisk:) Takk for hjelpen! (Bestemte meg for å følge deg på bloglovin' også ^^)
SvarSlett