... lysfest, og den var fin.
Eg trudde heilt seriøst at han til høgre var Blomster-Johan.
Det er fint å ha sånne anledningar der ein samlast for ei kort (og kald) stund i kollektiv andektigheit.
Stine var der.
Eskimo-Ina óg.
Og termodress-Runa. Som eg drog med meg heim etterpå, til eit svært koseleg graut- og kaffilattestund.
Og han Odd var der; det må ein jo berre elske.
Så fyrverkeriet. Eg er skikkelig billig når det kjem til fyrverkeri.
Knipsa og knipsa, heilt til ein liten Runa-i-termodress-fugl kviskra meg i øyret at "du må hugse å sjå det med dine auge òg". Så klart hadde ho rett. Kloke, kloke termodress-Runa.
Vart likevel eit par til då. Det som følgjer no er ganske
uforgløymeleg, noko som sjølvsagt ikkje eit bilete kan fange.
uforgløymeleg, noko som sjølvsagt ikkje eit bilete kan fange.
Den dekte liksom heile himmelen, omslutta alle, og vart hengande fast i natteteppet, lenge.
Det var magisk.
Elles: første (og andre, faktisk) søndag i advent, der Stine har tent lys og eg har sunge "No tenner vi det første/andre lys" skingrande falskt og på veldig nynorsk, altså ein totalt forskjellig versjon frå den ho kan.
Vel blåst skriftleg skuleeksamen. Kunne svare på alt i alle fall. (Blekkflekkane får eg fordi eg
"ikkje held pennen sånn som ein skal", i følgje mattelæraren på barneskulen. Vel, det har funka
fedt for meg sidan første klasse, så kom ikkje her).
Dessutan...
... går eg på retard-medisin. Den rockar mine sokkar.
Til slutt: julevasken og -pyntinga har óg vorte gjort.
Blogging er utruleg greitt for å synleggjere at ein faktisk har eit slags liv, utover det å lese på seg hovudverk over moderne litteraturteori. Onsdag kvart på elleve skal eg stotre framfor to mennesker i eit lite rom, så er det ferie. Gledar meg litt til det siste, kan du seie.
Lysfesten såg magisk ut, elska fyrverkeribildene :D (trur muligens eg har en liten fetish for lys rett å slett, hehe)
SvarSlettdu e ikkje aleine om å gå på retard medusin! eg lo krafit når eg såg de første gangen;p hihi
de e ikkje du som holde pennen feil, sånne blekkflekka e et must etter eksamen! en må jo ha bevis på at en faktisk har vore i felten og utretta eit arbeid!
du får ha masse lykke til på muntligen, og kose deg skakk i juleferien me god samvittighet;) <3
Tusen takk for kommentar, fine Ingrid! Saknar deg <3
SvarSlettEg òg har ein sånn fetish for lys, spesielt no i mørketida! Kontrastar i mitt hjarte.
Haha, hurra for retard-medisin! Eg òg heldt på å le meg skakk og skeiv ;)
Takke! Det skal eg seie til min tidlegare mattelærar; at det faktisk er snakk om ei krigsskade!
Tusen takk for lukkeønskingar, og takk det same! Er du ferdig for semesteret eller? Du hadde ikkje eksamenar før i vår, sant?
Eg saknar deg og Junemor!
SvarSlettJa de må du gjere, slike gode argument kan ikkje eingong en mattelærer benekte:p
Eg får tilfredsstilt mine behov for lys for vi har et lite juletre som skifta farga (alle regnbogensfargar om att og om att heile dagen :D )
Nopes ingen eksamena før i mai, og e snart ferdig, har siste forelesning 16 desember, så då e de straka vegen heim <3