Sider

tirsdag 7. desember 2010

Morgondagen kjem og går, og June består

Eg kunne skryte uhemma av nervene som aldri kom på skriftleg eksamen, men no har dei altså innhenta meg. På skriftleg var eg rolig som ei fele heilt til det siste, kjende berre litt antyding til pulsauke då eg sat i den store gymsalen og såg rundt meg på dei andre nervevraka, men det forsvann fort. Ny oppleving for meg dét, å vere så roleg, når andre er nervøse.

Kvelden før tok eg ei sjefsbestemming på at alt av pensum skulle leggast vekk klokka ni, og det eg ikkje kunne til då, fekk berre vere. Sto opp grytidleg morgonen etter, og tankane prøvde seg: Du må sjekke det årstalet, du må sjå litt meir på avantgarden, du kan ingenting om det episke dramaet! Og kva med Kafka, kan du nok der? Og Nietzche, herregud - Nietzche! Men nei, sjefsbestemming er sjefsbestemming.

Så sjølv om eg hadde fleire timar til overs der på morgonkvisten, og alt pensum var innan rekkevidde, vart tida brukt til å drikke kaffi latte og å strikke i ro og mak, mens dagen gnei natta ut av auga utanfor vindauget. Så tok eg bussen, kom til Studentsenteret, kjøpte to svarte pennar, og sette meg. Fekk oppgåvene, og var bra nøgd med dei. Skreiv tretten sider og stakk.

Men no. No held eg på å drite på meg. Munnleg i morgon. Håpar ikkje nervane spelar meg eit puss slik som dei har ein tendens til å gjere når eg skal snakke og ikkje skrive. Men det pleier jo å gå greit likevel, for det er jo ikkje Hitler og bin Laden som skal eksaminere meg. Dei er to menneske som har vore studentar sjølv, og som er ute etter at eg skal gjere det best mogleg. Og uansett korleis det går, er det ferie i morgon kvart over elleve. Mindre enn eit døgn til, dét.

7 kommentarer:

  1. Masse masse lukke til!!

    korti du reiser heimover mot fagre Bremanger?

    SvarSlett
  2. Tusen takk :)

    Martine: reiser rundt den 15. Du er heim, du? Vi må treffast! Eg foreslår Disney-kveld ;)

    SvarSlett
  3. Er i Bergen no, hadde ein eksamen i dag som eg nesten måtte ta ;) reise heim igjen fredag :) Eg er LETT med på Disney-kveld! :D

    SvarSlett
  4. Lykke til, June. Dette går bra! <3

    SvarSlett
  5. Martine: Åh, gjekk det fint! Flott flott med Disney-date!

    Charlotte: tusen takk <3 er du ferdig med dine eller?

    SvarSlett
  6. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett