Sider

onsdag 8. desember 2010

Om det där

Juleferie. Munnleg eksamen gjekk bra, trass i at eg fekk jernteppe stadig vekk. Så no har eg fri. Det er veldig fint. Men kropp og hovud har nok ikkje skjønt det enno, for eg gjekk av bussen tre stopp for seint, sov middag og var kvalm då eg vakna. Deretter har eg gjort ... ingenting. Ferie.

Og alt det som i eksamenstida låg der framme som ein stabel av alle verda sine gulrøtter, har forflytta seg til det herlege, evige "no". Lage julepresangar. Vere ute, verkeleg vere ute. På turen til butikken i stad, var lufta klarare og frostrøyken meir synleg, lysa i pyntetreet i nabohagen sterkare og stjernene nærare. Stress-sløret framfor augene var stryke vekk.

Det er berre eksamen, eg veit det. Men ein jobbar jo ræva av seg. Då er det fint at det går bra, og at det går over. I ferie.

Og mens ein sat med trynet i boka, har det blitt fin vinter ute.


Men eg og Stine kom oss ut på fine gåturar sjølv midt oppi det verste, då.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar