Sider

torsdag 23. desember 2010

Min desember

Små og større gåturar med Stine. Spørs om vi vel Rema eller Bunnpris.

 Vel overståtte eksamenar. 

Baking og kos med verdas beste søster.


Den som fann på å steike julekakene må vere tidenes premieidiot. Er jo deiga som er the shit!

Kos med Norah Jones.
Ho har ikkje så mange party tricks foreløpig, men eg 
synest no Kong Harald-imitasjonane funkar fedt.

Mammakos.

Hår som har spandert på seg korketrekkarar heilt av seg sjølv, berre med hjelp av snø og regn.

Stine kjøpte inn herlege plakatar for å hjelpe veggane våre si tomheitskjensle,
mens eg bidrog med sitat i wall stickers-format, samt litt julepynt.


Denne vart klæsja på døra til Rebecca, India-heimkomlingen vi har i hus. (Rebecca altså.)


 Og så var det på tide å vende nasa heimover.


Til mitt kjæraste, vesle rom, som har så mange andre rom i seg. 
Rom eg fann i meg med éin gong eg kom innanfor døra, og som har vore litt lukka i haust.

To trufaste kompisar.

 Vinterland utanfor.

... og ei som var særskilt glad for å sjå meg.




Leksepulten, der mange verdsproblem har vorte utforska med dagbok og penn.

Over Sovjetunionen. Men den har aldri vore til noko hjelp.

Nokre planar for jula.


Gjensyn med eit lite gudbarn, som ikkje er så lite lenger.


Så der har du nokre av ingrediensane til min desember så langt. I dag er det toogtjuande desember. I går var det solsnu, noko eg gløymde for første gang på kanskje sju år. Det føles ikkje ut som snart julafta. Eg har ikkje den berømte julestemninga som alle masar om; du veit den som du skal fly rundt og jakte slik som alt anna i denne delen av verda. Strø vegen med julekuler og sju sortar mens du hiver etter pusten og dragsar rundt på altfor mange posar frå altfor mange kjøpesentre, med sekundvisarane piskande etter og julestemninga nesten innan rekkevidde, men du spring for fort til å sjå at dersom du stansar, gjer den det óg. Og så kanskje luskar bort til deg ei lita stund. Men berre dersom du lovar å ikkje prøve fange den oppi elkjøp-posen din.

Det gjer ikkje noko at dette er ei jul der eg høyrer meir på "River" med Joni Mitchell enn på "Deilig er jorden". Det gjer ikkje noko at eg brukte opp alle julesangane før tiande desember, at eg ikkje orkar å nissepynte rommet her heime (kanskje i morgon, kanskje ikkje), eller at eg snur meg vekk frå julefilmar på Tv2. Folk snakkar om julestemning med smådesperate lys i auga som om det er noko ein har krav på, kvar jul. 

Eg elskar jula. Har eg alltid gjort, og det skal skje noko riktig fælt knytt til jul for at det skal endre seg. Eg har hatt vonde julafter; dei siste i tenåra til dømes var ikkje blant mine beste, for å seie det slik. Men fjorårets var fantastisk, for det var då eg verkeleg forsto at noko eg ein gong trudde aldri ville bli betre, var over. Den kjensla då, den unnar eg alle. No har eg klart dette, no kan eg klare alt. Den kjensla heng enno i, om enn ikkje så euforisk. Men det gjer ingenting. Eg er frisk, eg har mine rundt meg. Julestemninga har vore gjerrig med visittane i år, men eg kvilar i trua på neste år. Og tillet meg å late nissane i skapet få eit ekstra år i permisjon, Spotify-spelelistene bere preg av meir kvardagsmusikk enn julesangar, og mamma få innvilga sitt årelange ønske om plastjuletre.

Og tankane å vere som dei er. 

5 kommentarer:

  1. Dette var et nydelig desember-innlegg! Flotte bilder, flott beskrivelse! Og jeg må ærlig talt si at jeg eeelsket de plakatene. Har så mange blanke områder på rommet jeg kunne trengt plakater på. God jul :)

    SvarSlett
  2. Tusen takk, Oda! Elska dei plakane eg óg; synest mi herlege bufelle har vore særs flink i sitt val av veggpryd :) God jul til deg!

    SvarSlett
  3. Hahahahahaha et øyeblikk trodde jeg du hadde fått Patrick fra fhs på besøk i jula! Kanskje jeg skal be min bror om å gro stort hår og skjegg han også!

    Åh, de plakatene var veldig veldig fine!

    Også var det jo masse nydelige barn i dette innlegget (inkludert deg sjølvsagt!)

    Hvis du lurer på hvordan det er å ikke ha julestemning, så skulle du kommet til sommerglade Cape Town. Det var rart det. Men her føles det mer som jul, steming eller ikke. Jeg har møtt så mange mennesker som aldri har sett snø på ordentlig før. Plutselig setter jeg mer pris på dette frosne, hvite vannet. Det er jo ganske vakkert!

    <3 God jul Junemin!

    SvarSlett
  4. God jul, kjære June!! Julestemning eller ei, hold på godfølelsen - den er deg vel unnt. Du KAN faktisk klare alt!

    Store juleklemmer fra Kristin :)

    SvarSlett
  5. Anke: Sant han liknar på Patrick?! Eg seier det til han heile tida, og han berre "kven er det?". Men han liknar som fy, eg tenker det kvar gong eg ser han og første gongen eg såg Patrick.
    John Ketil hadde sett morsom ut med heilskjegg ;)
    Sjuke Sør-Afrika-tilstandar. Hard to imagine.
    God jul, jenta mi <3

    Kristin: God jul, kjære deg! Og takk for gode ord :) sender dei i retur, eg! Stor klem <3

    SvarSlett