Sider

søndag 30. januar 2011

Det er den draumen

Så var det faktisk sånn, at livet - ein heilt vanleg, traust laurdag; i utgangspunktet ein kledd i dei same kvardagskleda som dei femtiéin andre - kunne finne på å flerre av seg det vante antrekket og syne yndlingskjolen den hadde under. Den som blikket alltid søkte etter, den ein visste at passa kroppen aller best (men ein kan jo ikkje gå med det finaste ein har kvar dag), den som kasta alle planar og lister og skulleburdemåtte-tankar, og seier til beina: You know the drill.

Og beina går, sjølv om dei ikkje veit kvar dei skal. Og ho som er på dei, smilgriner seg gjennom regnstraum, bilstraum, menneskestraum; renner langs fjellvegen, der var visst dit vi skulle. Og Damien Rice og Keane ville vere med for å setje tonar til det magiske som kom. Kom heilt uventa, uplanlagt, for dette som er så fantastisk, svarar aldri på ein invitasjon, uansett kor ein lokkar. Det smyg seg inn i ei smal opning som berre den veit kvar er, tek deg i handa og røskar deg ut av rekka av dagar og stille lengt.

Det som opnar alle dørene i eit virvlande, vidunderleg "no", der all tyngd av det som har vore eller kunne ha vore eller kan kjem eller kan komme, er skylt vekk med det same regnet som blautlegg håret og gjer kinna kalde og raude.

Korleis går det an å unngå å ha møtt, alle dei gongane ein har vandra der i løpet av eit halvt år, med blikket nedover, innover, alle andre stader - det rolege blikket til himmelen, der den kvilar mellom trea over gravene utanfor Haukeland sjukehus? Eller å ha sett kor glasaktig hemmelighetsfullt det er det som lurer i den største, bølgjete spegeldammen på fortauet der ved busskuret?


Verda opna seg. Tidi opna seg, hjarta opna seg, dører opna seg, kjeldor sprang. Ein glasgrå laurdag i Bergen glei eg inn på ein våg eg ikkje hadde visst um. At skulle komme då. Berre sånn fordi. Utan grunn, utan plan.

Ein halvtime seinare, på rommet, med armar hengande ned og blikket likeså, på haugen av spanskbøker og gule lappar, var alt som før i regntunge Bergen.

Berre at no hadde eg hugsa igjen.

9 kommentarer:

  1. Utpust. Innpust.
    Sukk.
    Ord. Finne ord. Gode norske ord.
    Underlig.
    Kanskje.
    Og vidunderlig. Ja.
    Unikt og vakkert og sterkt og.
    Ja.
    Forunderlig.
    Kosmisk.
    Regnet hamrer på ruta og jeg sitter og leser ordene dine og syns de er så vakre.

    SvarSlett
  2. åhhh, June.

    Være åpen og ikke redd, tenker jeg når jeg leser dette. Vite at verden er din, forståelig og uforståelig, men likevel din venn.

    Gode deg.

    Nina

    SvarSlett
  3. <3

    Vi må sjåast snarast! :)

    SvarSlett
  4. Nina: Då har du fanga meir av meg enn eg trudde eg hadde synt <3 Gode DEG!

    Martine: <3

    SvarSlett
  5. Henri: Du kommenterte akkurat i det augeblikket eg skreiv svarkommentarar!
    Og ja, det må vi <3

    SvarSlett