Skulle eigentleg reise tilbake til Bergen i dag, men så gjorde eg visst ikkje det likevel. Det er så godt å vere her. Det er godt for meg, og eg ser, og veit, at det er godt for Momma óg.
Verda her har lommar, lommar med frisk fjell- og sjøluft, gynging i stolen med strikketøy i fanget og tankane i mjuke svingar. Fri for konstant tilførsel av lyd, lys, glorete fargar, straum av andlet og alle dei beskjedane det medfører. Er ikkje rart eg ikkje fiksar lesesal. På den tida eg har kome meg dit og skal finne ro, har eg teke inn nok til at det er tid for pause. Scanna alt og alle eg har passert, meir eller mindre medviten. Det er rart med det; til å aldri ha bestilt parabol, har eg veldig mange kanalar. Men det skal no seiast at det går mykje fint på Canal June óg.
Her heime har eg oversikt. Her på øya i havgapet. Eg står opp, lagar kaffi, preikar med Momma ved kjøkenbordet mens eg ser ut glaset. Nøyaktig same fjellet som i går, same mark, same raude nabohus. Ingenting som forstyrrar synsfeltet. Kanskje ligg det an til ei regnbyge? "Han blese godt, nordavinden no", seier Momma. Og eg elskar at her heime er veiret kjønna.
Eg les spansk grammatikk, og let los pronombres personales, objetivo directo y indirecto finne iveren og lærelysta, før eg finn ut at det er tid for å "gå på Kalvågen". Med ein handlelapp, litt peng i lomma og musikken på øyret, går eg stykket innover mot "sentrum". Det er vind som flagrar håret, det er langbeinte hegrer som lettar når eg nærmar meg, og svartbeinte sauer på sølete marker som gjer likeså. Det er lett piska hav og våte vegar. Dei på butikken veit kven eg er.
Når eg ein times tid seinare går opp att bakken til det gule huset, har eg møtt kanskje seks menneske.
Eg har laga middag til Momma i dag. "Sånt som vi ungdommar likar". Så har eg sett film og teke tidenes herlegaste dusj, og sett krim saman med henne slik som kveldane før. Momma likar best dersom det er litt romantikk med.
Eg har ofte tenkt, i ein hektisk studiekvardag: ein dag berre reiser eg heim, drit i forelesingar, og blir der for ei stund.
No er det visst det eg har gjort, utan at det på nokon måte var planlagt.
Suck on that, kvardagsrammer.
Bli der lenge! Ikkje fordi eg ikkje saknar deg - for det gjer eg - men eg merkar kor godt det gjer deg å vere der. <3 Unnar deg alt det fine du får oppleve.
SvarSlettEr det øvste biletet frå i sommar? I og med at det er smørblomar og grønt gras ... Ikkje meininga å ignorere at DU er på biletet altså. DUERFIN.
Jammen går det ikkje mykje fint på Canal June. Det har jeg alltid visst, men likevel; du greier stadig vekk å finne nye ord til å utrykke det på vakre måter.
SvarSlettDa jeg logget av facebook ble det ikke lesing. Jeg tok fatt på bursdagskort-tegning til mine to snodige skruller (også kalt småsøstre) som jeg er så glad i. Glad i dem og glad i å bli fanget opp av blyantbevegelser og se at noe tar form på den hvite bakgrunnen, uansett om det ikke er jeg som sitter på originalideen. Tematisk ble det et kongerike for en lama og greske guder og jeg smilte fornøyd for meg selv.
Der satt jeg konsentrert mens halvannen time tuslet seg forbi utenfor min bevissthet. Så kom søte Karoline og banket på døra og vekket meg opp av tegnetransen med en invitasjon til å se Shrek 3 på hennes rom. Jeg nølte i et halvt minutt (å lese, eller ikke lese) før jeg kokte opp tevann, fylte i koppen, hentet strikketøyet opp fra strikkekurven og satte meg til rette i naborommet.
Shrek og prompehumor går aldri ut på dato. Utrolig DIGG, som esel ville sagt. Så hvis jeg kan gjøre sånt, så kan du gjerne bli i roens land en stund til uten at det er noe problem!
Olivenjus og kyss på pannen til både deg og momma!
Fekk so HIMLA heimlengsel no!!!!
SvarSlettFANTASTISK, June. Du skriver så levende og har så mange nye og fine ord og formuleringer for å beskrive ting. Det er rett og slett avslappende og deilig å komme inn hit og få lese det du skriver :)
SvarSlettKos deg kjempemasse hjemme. Du er heldig som har et så koselig sted og en fin Momma å dra til.
Oj. Dåkke er jo berre FOR bra!
SvarSlett