Eit knippe sigrar denne veka som eg er stolt over, og som eg legg til på mi mentale "vel utført - no kan du kvile"-liste (oj, tidenes lengste overskrift):
- Møtte opp til første forelesing sjølv om eg var usannsynleg nervøs (for kva, eigentleg? Sitje to timar og høyre på nokon snakke spansk? HerreGUD, eg kan DØY! Angsten og det rasjonelle er ikkje akkurat godvener), og alt inni meg leita etter rømningsvegar og sa snu-snu.
- Møtte opp på første seminar sjølv om eg hadde hjartebank til tusen, og sterkt vurderte å late vere å gå (er jo ikkje noko som er obligatorisk på universitetet, så ein kan i teorien droppe alt og berre mure seg inne heime med bøkene sine. Strek under "i teorien").
- Kasta meg i det då eg vart den som måtte opne showet på seminaret, ved å presentere meg og mine erfaringar med spansk først. PÅ spansk, så klart. Alt på spansk.
- Sank ikkje i golvet då eg fann ut relativt fort at eg var ei av dei - kanskje til og med den - med dårlegast forkunnskapar, av dei sju som hadde møtt opp på seminaret. Tenkte "konge! Då får eg mange flinke folk å øve meg på når vi blir kjent." Tenkte óg at det ikkje nødvendigvis betydde at mine forkunnskapar var for dårlege. Kunne like gjerne vere at resten av dei som var på mitt nivå eller under (for dei må jo finnast, i ein klasse på ca førti), ikkje klarte å samle guts nok til å møte opp. Vi var jo dobbelt så mange påmeldte til seminaret som dei som faktisk kom.
- Rakk opp handa TO gongar! Eine gongen for å spørre om seminarleiaren kunne seie opp att noko som gjekk meg hus forbi, som er ein siger i seg sjølv, i og med at dei andre såg ut til å vere heilt med. Lo på dei rette stadene osv mens eg flirte litt med. Ikkje fordi eg på nokon måte skjønte kva det var han hadde sagt som hadde vore morosamt, men fordi eg innsåg at eg var som Joey i Friends).
Så der har du det. Minibølgje for meg; hurra!
Er godt å føle at ein kjem nokon veg (og det gjer ein jo som regel alltid, sjølv om ein kanskje ikkje ser det før ein snur seg og ser tilbake).
Bitene faller på plass her og der. Vi pusler puslespill hele livet.
SvarSlettSå fantastisk morsomt skrevet det forrige innlegget ditt var! Det med bokstavkjeksen og pensumbøkene. Du har en måte å skrive på som jeg virkelig liker, med små drypp av ordentlig humor og ironi innimellom :)
SvarSlettJeg leste faktisk innlegget ditt med ekte innlevelse, og da jeg kom til avsnittet som begynte slik: "Åh, de er berre SÅ interesserte i det her!!!", måtte jeg le enda litt ekstra :)
Du muntrer virkelig opp dagen, og jeg ler og koser meg når jeg leser bloggen din! Du er god!
(Forresten, er det en bachelor du tar? Skal du evt bygge på med master etterpå?).
Kommentarar! O'lykke :)
SvarSlettAnke: Så sant, så sant.
Trine: Tusen hjarteleg takk! Er sånne kommentarar som verkeleg gjer blogginga verdt det :) (Og så blir eg litt nyfiken på kven du er, men null press altså!
Jepp, eg tek bachelor i litteraturvitskap med tilleggsspesialisering i spansk. Eg tenker no at eg vil ta master, så du skal ikkje sjå bort frå at det blir til det!
Jeg er en ganske vanlig student, jeg. Dessverre uten blogg. Men jeg liker å lese fine blogger, og skulle ønske jeg hadde tid til å lage en selv også. Jeg holder på med en bachelor i psykologi, og tenker også på master!
SvarSlett1. Har du funne den siste brikka i ramma?!
SvarSlett2. Har Malin verkeleg strikka heile pleddet? Sara kan ikkje strikke ein lapp ein gong. Malin er god :)
3. Du er flink! Til å vere tøff, gjere det du må, pusle og skrive. Mykje meir og. Men kan ikkje gjere deg høg i hatten heller, kjære venn.
Stolt av deg! :)
SvarSlettTrine: Då kjenner eg deg jo bittelitt no :) herleg!
SvarSlettHenriette: 1) Niks, men har ikkje leita heller. Den dukkar nok opp! 2) Jepp! Haha, Sara er nok flink i andre ting som Malin ikkje kan ;) 3) Tusen takk, jenta mi! Du óg :)
Silje: Tusen takk, mi bonita!
Bølgen for deg! Elsker bokstavkjeksorda.
SvarSlettDu er supertøff. : )
SvarSlettÅååh, jeg elsker bloggere som skriver på nynorsk!
SvarSlett<3 Nynorsk. <3
Og nå fikk jeg skikkelig lyst til å pusle!!!
Åh, takk for herlege kommentarar!
SvarSlettSiri: Takktakk, eg likte dei sjøl!
Hege: Hjarteleg takk!
Sofsen: Så bra! Eg elskar bloggarar som sjølv skriv på bokmål men som likevel verdset nynorsk :)
Pusl i veg! Det er skikkelig kjekt, synest eg, å sjå det ta form.