Sider

mandag 17. januar 2011

Tu madre es loca

Sjølv om eg var så trøytt at eg var litt redd for å svime av, for eg fekk ikkje sove så mykje i natt, og heller ikkje ete frukost på grunn av nervemagen, sjølv om eg ikkje skjønte alle setningane som forelesaren sa, gjekk første skuledag - som alltid, og som eg visste inst inne, sjølv i går - BRA. Det spanske språket er som søt música i mine øyrer, og forelesaren snakka i eit perfekt tempo, syntes eg. Var heilt sikker på at det kom til å gå så fort at eg ikkje ville kunne klare å skilje ut orda, noko som innimellom skjedde (mest fordi eg ikkje kunne orda, eller forveksla dei med andre. Ein gong trudde eg han sa eit eller anna med latinamerika sin store anus, men trur mulegens eg tok feil der, altså). 

Godkriblinga steig kraftig innimellom, og gav nervebarometeret heftig konkurranse. Fekk dessutan kjøpt alle bøkene i dag. Det er ikkje rare greiene, i forhold til dei forrige semestera (til gjengjeld er dei på eit framandspråk, men likevel).

Til venstre: bøkene forrige semester. Til høgre: dette semesteret sitt pensum. 
Umiddelbar reaksjon: kor er resten? Det er visst ikkje noko resten. Ay, qué bién!

Har ikkje snakka noko med folk i klassen endå, då. Men det skjer ikkje på forelesingane heller. I morgon, derimot, på seminar, då vi skal sitte i grupper og diskutere la cultura y el historia en america latina (forbudt å snakka anna enn spansk visstnok. Por Dios...), DÅ er det jo meir naturleg å kome i prat.

Jeje, no skal eg ta meg ei pause frå spansken og lese Den trettende fortellingen. ANBEFALAST! Seriøst, ei av dei beste bøkene eg har lese på lenge. Var vakre Runa som anbefalte den til meg; eg er fortapt.

Apropos "trettende", i dag var eg hos frisøren, og ho spurte meg plutseleg kva for stjerneteikn eg var. "Løven", sa eg, glad over spørsmålet. Er ikkje så mange som bryr seg om "det tullet" lenger. "Kor tid har du bursdag då?". Eg svarte som sant var, niogtjuande juli, mens eg var nyfiken på kvar ho ville hen. "Då er du krepsen". Pleeease, tenkte eg betrevitande. Eg var veldig interessert i astrologi i mine yngre år, og visste sjølvsagt at eg hadde rett, og ho tok feil. "Nei, for dei har funne ut at det fins eit trettande stjerneteikn, eller - det har alltid vore der, men i den vestlege tradisjonen har vi berre ikkje brukt det. Men i den indiske... og det er den vi eigentleg skulle gått ut frå", sa ho. Eit eller anna sånt.

Det løyser alle mine problem! Hurra! No skal eg kome med ei Se og Hør-avsløring her: alltid då eg las horoskopa mine før i tida (etter at eg vart stor og skeptisk og kjedeleg slutta eg heilt å lese dei), las eg på krepsen i tillegg til løven. For eg visste det inst inne, at eg måtte vere kreps. Vannets tegn, emosjoner, følsomhet, hjemmekjær, trygghet, røtter, várhet og sensitivitet, subjektivitet. Kanskje maglar eg sjølvinnsikt, men eg fann meg liksom aldri igjen i løva sine "honnørord": dominerende, lederegenskaper, temperament, arroganse, liker å være midtpunkt, trivest best på en scene. Dei fleste diktatorar opp gjennom historia har vore løver, liksom. Alt har forresten eigentleg vore mamma sin feil, fann eg ut. Hadde ho klart å knekke meg ut då ho skulle, den 22. juli, i staden for å late meg ligge der inne og fleske meg opp ei veke ekstra, hadde eg akkurat vore innanfor grensa til krepsen sitt teikn. Då hadde eg i tillegg ikkje sett ut som ei trippel bolledeig då eg kom ut.

Åh, de er berre SÅ interesserte i det her!!! Kva søren er temaet for dette innlegget eigentleg? Jeje. No har det vorte kveld, eg har skrive til og frå på dette innlegget i heile ettermiddag, innimellom spansklesing og ... kremt ... andre ting. Forbaska bokstavkjeks frå Ikea! Øydela livet mitt. Eg skulle berre ha ein liten aperitif før middagen slik at eg ikkje gjekk i golvet, og slik at eg kunne ha nok piff i topplokket til å lese dei femti minutta det tok for fiskegratengen å bli ferdig. Dei femti minutta vart ikkje brukt med nasa i Hispanoamerica ayer y hoy for å seie det sånn.

Eg mista all framtidstru då eg oppdaga at dette var dei einaste bokstavane i øskja,
fordi denne butikk-kjeden tydlegvis vil at vi berre skal skrive "Ikea" langt inn i evigheita. 
Men eg tørka tårer og snør raskt, for sjølv eit slikt nederlag stoppar ikkje meg! Hå!

 Dette er berre éin av mange variasjonar ein kan skrive med nemnde bokstavar.

 Måtte vere litt kreativ. Presenterer: "ikeakake". 
Det er, tru det eller ei, slik kake ein får på ikea, har eg bestemt.

 "Ikkekaka" kan anten vere den ekle kaka som ein fjern slektning tek med i familieselskap ("å neeei, mamma, skal vi ha ikkekaka nå igjen?", eller den kaka folk på slankaren et i smug.

 Kike. Eit godt, norsk ord...

 ... Kan brått bli til kikekaka. Det er den kaka eldre menn på kafé gjer seg opptekne med mens
dei eigentleg kikar på kvinnfolk.

Kakke. Endå eit gromord...
... blir med nokre justeringar til "kakkekake"; dei julekakene som har blitt ståande til neste jul og har fått rar lukt, og er så harde at ein kan kakke kvarandre i hovudet med dei utan at dei knekk.


Min personlege favoritt. Det saftige kakestykket ein tek seg, saman med eit glas julebrus og gode vener, etter å ha vore ute og aka seg raud i kjakane og på øyra.

Nei, no må eg legge meg. 
Bokstavkjeks med heile alfabetet i mottakast med takk. Pronto!

7 kommentarer:

  1. Hahahaha nice! Man blir jammen kreativ når man egentlig skal lese pensum! Bra June (til din informasjon har jeg drukket te og kaffe, strikket og sett på CSI siden jeg kom hjem (nesten).

    Ah, jeg har litt av en leseliste å glede meg til i 103 og 104 forstår jeg (glede er her et relativt begrep).

    Den trettende fortelling! (hmmm, jeg lurer på om det var jeg som anbefalte den til Runa...vi har hvertfall snakket om den en gang i tiden for jeg synes også den er fantastisk! Og så MÅ du lese boktyven, og så MÅ du lese den boka jeg leser nå! "singing for mrs pettigrew - a story-makers journey" :D)

    Godt å høre at jeg er arrogant og oppmerksomhetskrevende, og gretten og pr-kåt og diktator osv da :P hrmph Jeg liker løver jeg tenk! De er fine å klappe på (på rompa hvertfall...fare for at du står igjen med bare en armstump hvis du klapper i andre enden).

    Hahhahahhaha trippel bolledeig du lissom! Lekker metafor. Eller simile da på godt litteratursk.

    Sov godt!

    SvarSlett
  2. Ja, ein blir veldig kreativ då, det er no bra sikkert ;) Åh, for eg hadde tenkt å spørre deg om du hadde lese den, for eg visste du kom til å elske den! Boktyven har eg lese halve, hugsar kva kapittel eg var kome til óg (måtte levere den frå meg ved juletider i fjor). Den skal eg ta etter Den trettende fortellingen! Har jo faktisk anledning til å lese anna enn pensum no, herlish!
    Ja, likar løver eg óg ;) Og krepsar kan vere minst like farlege; dei kan knipe!

    SvarSlett
  3. Haha! Eg trudde ALLE bøkene på biletet var for ditta semesteret. Då tenkte eg; "Stakkars Junemora mi, ka er det ho har begjett seg ut på?!"

    Eg vart forresten særs uvel av å sjå alle dei bøkene!

    SvarSlett
  4. FANTASTISK!!! :D

    Elskar bokstavkjeksformuleringane! Eg trudde forøvrig det same som Henriette angåande bøkene :p

    SvarSlett
  5. Haha, dåkke altså ;) Vi litteraturfolk likar slekt! (men dette semesteret, når eg må slå opp annakvart ord, skal eg innrømme at det er herleg med så få bøker).

    SvarSlett
  6. Hei June,

    eg er så dårlig på å kommentere på bloggen din. Men eg likar veldig å lese den. : ) Og tusen takk for kommentarane dine. Veldig kjekt.

    SvarSlett
  7. Eg får seie det same tilbake til deg! Men har prøvd å bli flinkare til å kommentere på bloggane eg likar i det siste, då, for eg veit det er så mange som målar interessa i kommentarar (deriblant meg). Men eg veit jo eigentleg at folk les, ser det jo på statistikken! Er kjekt å vite det, at folk faktisk les :)
    Eg får med meg alt du legg ut, sjølv om eg ikkje alltid kommenterar!

    SvarSlett