Sider

mandag 17. januar 2011

Uten várhet, ingen styrke

Det er totusenogelleve. Det er januar. Det er nytt semester. Dei tretti studiepoenga som skal fyllast på grada mi no, skal fram til mai bestå av SPLA101 og SPLA 104. Spansk språk, og kultur og samfunn i latinamerika. Eg har blåst støv (bokstaveleg tala) av spanskbøkene på vidaregåande. Kjøpt visuell ordbok som Stine fann ut at ein lærer mest norsk av. Skaffa meg filmar valt utelukkande på grunn av fin tittel: Volver (Vende tilbake), Abre los Ojos (Opn auga) og La Teta Asustada (Sorga si melk (okei, det var ikkje så fint når det vart oversatt)).


Onsdag denne veka traska eg atter ned på Dragefjellet skule, og mimra om dei glade ex.fac.-dagar då språk og kommunikasjon sto på timeplanen. Altså forrige haust; første semesteret på universitetet. Heldigvis har eg blitt meir kjend med sistnemnde sine mange bygningar, rom, emnekodar og skrivne og uskrivne reglar sidan den tid, og hadde ikkje nemneverdige problem med å navigere meg fram til auditorium fire. Hadde heller ikkje nerver å snakke om.

Likevel vakna nokre sommarfuglar til liv i magen, då eg - trass i at eg kom eit kvarter for tidleg - opna døra til auditoriet og fekk tjue ukjende par auge klistra på meg. Sette meg ned ytterst på ei rad langt nede, nærast mogleg utgangen, slik eg pleier når eg er åleine. Saumfar rommet - overheaden, tavla, prøvde å lese titlane på bøkene som låg på kateteret - etter teikn på at eg var på rett stad. Utan å lukkast. Så byrja eg å tenke på om eg skulle spørje ho som sat nærast meg, det vil seie tre seter unna. Ho som sat og snakka med to ho tydlegvis kjende. Men eg fann liksom aldri hol i samtalen der eg kunne smette inn med spørsmålet mitt, og kjende meg berre dummare og dummare. Trass i at eg har blitt mykje betre dei seinare år, er det framleis ein bøyg for meg å skulle opne munnen og sleppe orda ut i situasjonar som er litt utanom det heilt vante, og til ukjende menneske. Sjølv dei heilt enklaste ting.
"Er det her det er spansk?" kan for somme menneske vere seks trinn i ei tung trapp.

Fleire menneske kom inn, mange av dei sende gjenkjennande smil ut i rommet og vart vinka til seg av andre. Kanskje var det nokre som kom inn åleine med eit blikk som såg like mykje i golvet som opp, slik som mitt, men dei la eg ikkje merke til. Alle første skuledag-kjenslene låg visst på lur bak kateteret og hoppa på meg då eg kom inn. Alle kjenner nokon, utanom eg. Alle er så sjølvsikre, utanom eg. Alle kan mykje meir spansk enn eg, korleis skal dette gå då?

Det viste seg utover i infomøtet, at krava - eller forventningane, som UiB kallar det - til forkunnnskapar er høgre enn eg hadde forventa, så det ligg an til å bli eit semester med hard jobbing. Det kriblar litt ved tanken på at eg no faktisk skal få lære spansk på ekte, men den godkriblinga må for augeblikket vike for nervøsiteten. Sånn er eg berre. I mars/april kjem eg til å sjå tilbake og tenke med gammalmodig godmodighet på kor nervete eg var no. Sånn er det alltid. Ein kan seie at eg aldri lærer, men det er ikkje sant. Eg har lært, mykje. Likevel er det min naturlege impuls å vere ein nervebunt før eg skal ut på ukjent hav, og det er noko eg heller vil akseptere enn å prøve å trykke under ei kappe av påklistra positivitet. For det siste er er ikkje meg. Eg beundrar dei som har det slik - dei som klarer å sjå det positive i einkvar situasjon, og føle det - og syg til meg litt av deira energi så godt eg maktar. Men den vil alltid støyte på noko destruktivt der inne, noko eg ikkje alltid orkar å kjempe mot. I kveld let eg det kvile.

2 kommentarer:

  1. Du er modig, du vet det sant? Jeg tror jeg hadde vært like stressa hadde jeg starta på fransk og ikke engelsk. Jeg kjente på de seks tunge trappetrinnene (og flere til) i mange år. Jeg vet hvordan akkurat det er, om jeg så ikke kjenner så godt resten av tingene trappetrinnene er kombinert med. Men akkurat de trinnene kjenner jeg for godt. Men jeg vet også godt at de kan bli lettere. Og det er så godt å "lese deg skrive" at du vet at du kommer å se tilbake om et par måneder og tenke at "nå er det bedre". Det er da et lys å se mot ;) Men igjen: jeg er imponert jeg! Helt seriøst!

    Forresten så blir du sikkert kjent med flere andre som også tenkte "jeg kjenner ingen" på sin første forelesning ;)

    Den ordboka er genial! Da bruker man jo begge hjernehalvdeler, og da er sannsynligheten for at du husker ordene mye større :D Smart plan!

    Forresten når du først er i plukkinga på spansk film: har du sett Pans Labyrint? Fæl og nydelig på én gang!

    Vi må leke litt til uka, også kan du avlaste eventuelle spanskbekymringer på meg ;)

    Olivenjus fra dronningen av kommentarspam

    SvarSlett
  2. Tusen takk for gode tankar, Anke <3 eg veit du kjenner dei trinna, og du har kome utruleg langt i den trappa, altså!

    Har ikkje sett den filmen, men har *kremt* "skaffa meg" den no ;) fleire forslag mottakast med takk!

    SvarSlett