Eg går fram og tilbake i rom. Legg meg klokka ett-to kvar natt, men får ikkje sove før fire-fem. Eg byrjar på ting og avsluttar før eg er halvvegs, byrjar og avsluttar. Lurer på kva stad eg lengtar mot når eg allereie er på den beste staden i verda, men noko i meg er visst på rastlaus leit etter eit eller anna eg ikkje anar kva er. Eg skriv blyantar tomme for å roe innsida, og forbannar tendensen til å alltid sjå mot ein anna horisont, alltid måtte ha noko eg skal til. Drøyme om.
Dei lukkelegaste augeblikka er dei som plutseleg berre kjem, som eg skreiv om no nysst, der alt plutseleg blir så latterleg klart og ein veit at ein ikkje skal vere nokon annan stad enn akkurat der ein er. Men ein kan jo ikkje gå rundt slik, som ein euforisk idiot med altfor lite klede i regnet, kvar dag.
Eg gyngar gyngestolen til Momma inn i golvet, nesten, og strikkar det heile inn i kvar maske i ein lilla sokk. Så ser eg på ein skjerm korleis folk bombarderer kvarandre med stein, kuler, brannbomber, rop og eg veit ikkje kva, mens dei som skal verne, føretek seg ingenting. Og eg tenker på alle dei der ute som kunne drept for slike dagar som den eg har.
Eg øvar meg på å gjere det som så mange andre gjer, når ein blir innhenta. Jaja, det går over. Eg får berre sjå elleve episodar av Criminal Minds, ete sjokolade og vente. Er det (eg innbiller meg at) alle andre gjer. Mens eg. Eg må tenke, analysere, pirke, grave. Kva er dette? Kvifor? Kvar frå? Kvifor no? Kor lenge? Kva betyr? Kva gjere? Og alltid må det knyttast til ei overordna sanningar om meg sjølv, som som regel munnar ut i at eg er eit elendig blad på mennesketreet.
Jaja, elendig blad eller ikkje; eg ser på Criminal Minds, drikk sjokoladekaffi og høyrer på vinden som ladar seg opp til i morgon, då den skal opp til eksamen i orkan. Det er alltid heftig shit her på øya. Men eg er ikkje redd den lenger, sjølv om den knakar huset vårt og piskar opp havet til eit einaste kok. Gler meg faktisk.
Du skriv så fint om det som er frustrerande. Hmm smilefjes som vanlig eller ikkje. Trur eg droppar det, berre for å kjenne korleis det er. (faen, skal - skal ikkje - smilefjes WTF).
SvarSlettHaha, takk!
SvarSlettDu skriv veldig bra, June. Slike dagar vil komme og gå, og det høyres ut som om du har rett forhold til dei: Berre la dei drive forbi. Kanskje greier orkanen å gi dei eit kraftig dytt.
SvarSlettEg elskar måten du knyttar "heftig shit" inn i teksten din på!
Takk, Silje :) haha, "heftig shit du ikke kan forstå"!
SvarSlettDu skriver så fint, June.
SvarSlettOg... Criminal minds, gjerne altfor mange episoder, midt på natta: meg i et nøtteskall.
Tusen takk, Charlotte!
SvarSlettHaha, bra vi er fleire ;)