Sider

fredag 11. mars 2011

Consejos para tí

Har lagt merke til at alle bloggarar med respekt for seg sjølv lagar lister med tips. Då kan ikkje eg vere dårlegare.

# Bruk fluor. Sidan dei billigaste tannlegerekningane det er mogleg å få (tør eg påstå) etter fylte tjue ligg på denne prisen:


(og i tillegg kan du vere så heldig å få premie!)


# Kjøp strømpebuksene dine på Sparkjøp eller Fretex. Dei har kjempegod kvalitet, synest eg.

# Leik. Masse. Og aldri slutt. Og dersom du sluttar; begynn igjen.


# Saml på klokskap.


# Et. For Guds skuld, menneskje - et.

# Lat framande kattar hoppe inn glaset ditt, uansett kva sambuarar seier.

# Ta mange bilete av deg sjølv der du ser finare ut enn du eigentleg er.

# Ha gode vener. Ta desse gode venene, og inviter dei på kortlagingsverkstad.

# Gå på kaféar som har sånne skilt. Og berre gå på kafé sånn generelt.

# Skriv i sanden.


# Lytt til mannen i gata. Eventuelt ikkje.

# Leit etter skattar på besteforeldre sitt loft.

# Ha ein sparesau. Legg pengar på mens du er rik, gløym dei, og kom på dei igjen når du er fattig.
Gris funkar óg.

# Tilbring tid med barn og dyr.

# Le. Masse. Sjølv om du synest du ser teit ut.

# Unn deg. Ting, tid, rom, kjensler og fem koppar sjokoladekaffi om dagen. Vi lev berre éin gong - du vil ikkje tenke på dei sjokoladekaffiane eller dei to forelesingane du droppa den same veka når du blir gammal.

# Slutt å tru på det som står i vekeblad. Les dei likevel.

# Finn eit eller fleire yndlingsdikt, og lat det/dei vere med på å danne bakgrunn til livet ditt.

# Ver barnleg. Bygg lesehytte. Helst av stolar og pledd, men paraply funkar óg.

# Slepp ut tårer som må ut. Gjerne ned i ein pels.

# Bu med eit romvesen.

# ... eventuelt fleire.

# Ta buss ein heil dag.

# Ver teit.

# Aldri slutt å undre deg.

# Kjøp mangoane dine av merket Bendit. Dei er best.


# Våg å tru på noko du eigentleg ikkje trur på. Nokon gongar er det det einaste som kan få deg vidare.

# Og viktigast av alt: Aldri, aldri, ALDRI gje opp.

11 kommentarer:

  1. Fantastisk June! <3

    You make my day, every day!

    SvarSlett
  2. For eit herlig innlegg. Og veldig gode råd - alle sammen.

    #Våg å tru på noko du eigentleg ikke trur på. JA, til meir av det!

    Dette var eit modig og rørande innlegg. Trur eg må innom å lese det fleire gonger.

    SvarSlett
  3. Annika: Tusen takk! DU ÓG!

    Anonym: Hjarteleg!

    Hege: Takkar og bukkar!

    SvarSlett
  4. Åh, for et herlig innlegg! Jeg har sniklest bloggen din lenge nå, og jeg blir alltid grepet av innleggene dine, ord som bilder.

    Du er herlig!

    Klem Felixia

    SvarSlett
  5. åh! dette gjorde dagen min <3
    eg skal SOO lage lesehytte ein dag :D

    SvarSlett
  6. Dette var særs fine tips :) Spesielt dei om å vere teit og å le og å leike og sånt, for det er veldig viktige ting som mange anten gløymer eller bli for vaksne for og sånt, og det burde ein vel aldri bli.

    SvarSlett
  7. Felixia: Tusen takk, og takk for at du framleis les! (hugsar deg godt, du kommenterte på det innlegget eg skreiv om sorg/pappa)

    Ebbs: Any day!

    Martine: Do it! Vi burde gjere det saman ein dag :) eg har stort rom!

    Matias: Tusen takk! Og eg er sjølvsagt heilt einig; den dagen ein stivnar hen og gløymer leiken, er ein sorgens dag (og skal sjølvsagt ikkje skje meg).

    Silje: Tusen takk! Og ingen årsak :)

    SvarSlett
  8. Mange fine tips! :D

    "Slutt å tru på det som står i vekeblad. Les dei likevel." - Digga det! ;D

    SvarSlett