Sider

fredag 18. mars 2011

Hug

Dag to: Ti ting eg elskar

Éin
Klemmar. Store, lange, og med begge armane rundt. Og dei aller, aller beste, er dei der eine armen - eller kanskje til og med begge - til den som klemmer deg, glir ned langs dine, tek hendene dine, trykker lett og held fast litt.

To
Åleine-tid. Men ikkje alltid.

Men når det føles sånn som det her.
Tre
Firbeinte. (Eg tør påstå at det ikkje fins nokre unntak her.)


Fire
Sjokoladekaffi. Og å duppe sjokoladekjeks nedi.

Fem
Å gå eller sykle fort med verda susande forbi i ein virvel, og med bakgrunnsmusikk frå mp3-en.

Seks:
Det skrivne ord.

 Spesielt når dei står skrivne på fortauet. 

Sju
Familien min og venene mine. Dei er ubeskrivelege. Verkeleg. 

Åtte
Å ha latterkrampe. 

Ni
(Positive) overraskingar ein vanleg kvardag; spesielt når det er ein dårleg dag.


Ti
Å ha god tid om morgonen, slik at eg får trekkje morgonritualet mitt med to koppar sjokoladekaffi, frukost, bloggar og Criminal Minds ut i langdrag.

1 kommentar:

  1. Tommelopp! Jeg glemte jo forresten å ta med overraskelsen til deg da vi var og så Othello. :O Nummer ti kjenner jeg meg igjen i. Hallo, jeg stor jo opp klokka seks selvom forelesning ikke begynner før kvart over ti ;)

    SvarSlett