Dag 1: Ti ting om meg
Éin
Eg har aldri vore skikkelig forelska.
To
Då eg var tolv år, kunne eg rape alfabetet. No veit eg ikkje lenger; er litt lenge sidan eg har heldt den eigenskapen ved like.
Tre
Eg er fullstendig avhengig av åleinetid.
Fire
Dersom ei vare eg skal ha på butikken har ein bulk, er litt råtna eller har ein anna defekt som gjer at ingen andre vil ha den, er det den eg tek; fordi eg synest så synd i den.
Fem
Eg mista far min for to år sidan, men lurer framleis på korleis eg skal sørge.
Seks
Katten min og eg har eit heilt spesielt forhold. Ho har ein særs velutvikla EQ (emosjonell intelligens). Og eg er no ikkje heilt borte vekk eg heller, sjølv om eg ikkje er på hennar nivå, akkurat.
Sju
Eg skal skrive ei bok ein dag. Der, no er det sagt (forpliktande).Åtte
Eg strikkar for å slappe av, når eg er stressa eller nervøs.
Eksamenstida forrige semester. Eg er ikkje så glad i å belegge trådar, då.
Ni
Eg lever ekstremt mykje inni mitt eige hovud. Det er både mi velsigning og forbanning.
Men eg ville ikkje ha valt det vekk for alt i verda.
Oi, fin liste og ein del å kjenne igjen.
SvarSlettTre: Det må eg og! Derfor er eg ofte håplaust seint i seng for eg må har litt tid for meg sjølv om kvelden.
Fem: Mista far min for 10 år sida. Altfor vondt. Heilt jævlig. Men når det måtte skje så veit eg at det har gjort noko med meg som eg ikkje heilt kan forklare, noko som har gjort meg større som menneske.
Åtte: Eg hekler.
Ni: Hjernen er alene! :)
Ti: Eg bannar og mykje. Litt deilig. Høyres mykje styggare ut når ungane gjer det, enn når eg gjer det sjølv. :)
--------
Og så heier eg veldig på nummer sju. Gleder meg. :)
Heff! Det varmer meg mye å vite at ingen av disse ti punktene var nye for meg. Du er god og jeg er glad du deler!
SvarSlettHohoho, 2! :D Jeg synes virkelig du skal gjenoppta og holde vedlike den egenskapen! Sjarmerende! ;D
SvarSlettEllers er jeg ganske lik deg når det kommer til punkt 1, 3, litt 8 og bittelitt 9. :)
No skjønar eg litt meir av det at "mitt" har så mange berøringspunkt med "ditt", som du sa. Eg strikkar ikkje og eg bannar ikkje, og har ikkje så mykje erfaring med å rape alfabetet og tenkjer heller ikkje så mykje over bulkete varer på butikken. Men om du endrar "far min" til "mor mi" på punkt 5, og "skal" til "vil" på punkt 7, så er det vel ganske så ordrett noko eg kunne ha funne på å seie om meg sjølv. Ja, og så er katten min ein han og ikkje ei ho :)
SvarSlettPunkt 4: så søt du er :) Jeg er helt motsatt. Hvis det er en bulk i kartongen med frokostblanding eller vaskepulver velger jeg alltid en annen.
SvarSlettOg jøss så flink du er til å strikke votter! Skulle ønske jeg var velsignet med håndarbeidsevner. For strikkevotter er noe av det fineste jeg vet :)
3,9 og 10 gjeld for meg, og.
SvarSlettDu er flink til å strikke, og å feste tråder er forferdeleg!
1. Du var flink til å strikke! Det eneste jeg noen gang har strikket ferdig er en lue i kunst og håndverk, i 9.kl. (Den ble meget stygg).
SvarSlett2. Det er flere ting jeg kjenner meg igjen i her, og spesielt nummer ni. Hater det, bare at jeg elsker det.
fine du <3
SvarSlett(er dei vottane i midten nede dei du stikka til meg? Bruka dei masse masse :D Tilfeldig at den eine tommelen er litt mørkare enn den andre btw?)
Åh, så utruleg kjekt at så mange tek seg tid til å legge igjen nokre ord på skrableriane mine her! Det gjer meg så glad at de anar ikkje.
SvarSlettHege: Takk for kloke ord, og takk for at du delar <3 Haha, eg óg synest det høyrest verre ut når andre bannar enn når eg gjer det sjøl! Og, du skulle ha lært meg å hekle, altså!
Anke: Tusen takk, finami <3 Eg óg synest det er nokså fint at du veit alt dette.
Birgitte: Takker! Hahaha, herleg :)
Matias: Ja, der ser du..! Haha, du kan få eit rape- og bannekurs av meg ein gong! Det kunne jo blitt sjarmerande ;)
Trine: Tusen takk! Og du, dei vottane er mykje enklare å strikke enn det ser ut til ;)
Ebbs: Tusen takk! Haha, ja ikkje sant? Nokon burde finne opp ei feste-trådar-maskin ;)
Carolin: Takk skal du ha! Eg er heilt sikker på at den hua har sin sjarm ;)
Martine: Du óg! Ja, det stemmer :) haha, eg slapp opp for garn, og måtte ta det eg hadde som likna mest! Du kan jo sjå på det som ein fabrikasjonsfeil frå hjartet ;)
det kan du banne på at eg gjer ;) gjer berre vottane mine endå meir unike :)
SvarSlettåsåfinduogkattendiner!
SvarSlettakkuratt no, er eg veldig enig med nr 9.
(takk for alle dei fine kommentarane på snacks :))
Tusen takk for det, og ver så god (dåkke fortenar det) ;)
SvarSlett