Denne vesle boka som eg fekk av verdas beste søster, har blitt den som eg grip etter når eg er stressa (for eksempel i eksamensperioden - då skriv eg ned fine ting som eg likar å gjere, tenke på, ser fram til eller drøymer om), lei meg fordi ingenting vart som det skulle, eller når eg på andre måtar føler eg mistar kontakt med meg sjølv. Eg kan òg ta den fram og skrible nokre ord av takksemd, dei gongane eg verkeleg ser kor langt eg har kome i forhold til korleis ting har vore, til dømes.
Fellesnemnaren er vel at eg, på sidene i denne boka, let det renne ned ord som skal tene til det formålet å gje meg tilbake håpet. På dagar og netter der eg ikkje får fred, eller føler at alle val er mellom onder. Det funkar. For kvar gong eg finn denne boka, som eg stadig må finne fordi eg rett og slett gløymer at den er der, og ser det som står på sidene, hugsar eg kjensla av håp og glede som kom over meg mens eg skreiv.
Her ser du konsekvensen av å ikkje ha hatt noko særleg kjærleiksliv: alle førestillingar kjem frå filmar. Men det drit eg i. Det som skjer i filmar må jo òg kome frå ein plass.
Åh, det der har eg jo faktisk gjort no! I ein av barnehagane eg har jobba i,
tok eg initiativet til å bygge hytte inne.
Nei, så fint. :) Eg har noko liknande, har ein blogg som er steng for alle i heile verda utanom meg. Der legg eg ofte inn ting som får meg til å smile, om det er ein song eller eit bilete eller noko nokon seier på ein TV-serie eller noko nokon seier i det verkelege liv eller kva som helst. Den bloggen har levd i 2-3 år, så om eg har ein dårleg dag så hjelp det alltid litt på å hoppe tilbake i arkivet og sjå kva som fekk meg til å smile for f.eks. nøyaktig eit år sidan.
SvarSlettfin fin fin bok å ha.
SvarSlettog du vet: det er håp.
Tommelopptommelopp! Jeg har ikke gladbok i år....det burde jeg kanskje ha for siden York har jeg vært overvelda av dette tullete essayet som egentlig ikke betyr noen ting men som stresser meg bare ved å eksistere...så blir det til at alt blir tungt og tåpelig. I dag skulket jeg forelesning og seminar. Det måtte bare til. Det ble Ankedag med Virginia Woolf sine fine ord, kaffepause i godstolen og så skippertaksskriving om dumme Crusoe og fantastiske Wordsworth. Imorgen blir det Othello og da er oppgaveutkastet levert og da gleder jeg meg til å klemme deg og Silje!
SvarSlettåh! <3
SvarSlettVakkert! <3
SvarSlettFor en utrolig fin bok. For noen utrolig flotte tanker og oppmuntrende ord. Kan jeg få låne den? :)
SvarSlettDu er fantastisk, June! :)
SvarSlett*kopierer idèen* tror jeg også trenger ei slik bok! :)
SvarSlettI dag lo eg på ekte, det var fint!
SvarSlettMatias: Herleg, herleg! Det blir jo nesten det same som boka mi :)
SvarSlettCharlotte: Det er sant, og takk for at du minnar meg på det, for det kan visst ikkje seiast nok.
Anke: Støttar Anke-dag veldig, altså! Ta deg ein i morgon óg :) eg har forsømt gladboka (som ikkje er denne, men ei anna) óg, tenkte eg skulle begynne med deg óg igjen.
Martine: <3
Silje: Tusen takk!
Birgitte: (Veit ikkje kvifor eg fekk kommentaren din på mail men den ikkje kom fram her). Tusen takk! Du må lage deg ei sånn :)
Kristin: Åh, tusen takk! Du óg!
Felixia: Haha, go ahead :)
Ebbs: Så bra! Skriv det ned :)
En slik bok har jeg også! Jeg er så glad for at jeg kom på det, fordi den boken er himla nyttig noen ganger.
SvarSlettSå fantastisk! Ja, ikkje sant? :)
SvarSlettdu altså! så nydelig bok.
SvarSlettjeg har også laga hytte med barnehagebarn :D og så prøver jeg å forestille meg hvordan det føles for dem å være i hytta, men så klarer jeg det ikke helt, for jeg er litt for klar over at det jo bare er pledd og puter.
og hei, da deler vi på en ganske så flott sjef! hvilke barnehager har du vært i? som jeg kan huske, har jeg vært i minken, solgløtt, rosetårnet, olsvikåsen, og nå bønes! ja, og så har jeg vært på like mange skoler, men du jobber kanskje bare i barnehage?