I dag har vore ein sånn dag då eg - for å vere knusande ærleg - har syntes jævlig synd i meg sjølv. Sto opp med eine foten i ei gjørme berre eg kan sjå, og sank berre meir og meir ned i den ettersom timane avløyste kvarandre. Forsøk på å vere flink studine på studentsenteret med flotte vener, resulterte hovudsakleg i mental sjølvbanking over at eg ikkje fekk til å jobbe i nemneverdig grad med noko av det eg skulle. Ei anna veninne, som eg møtte etterpå (då eg hadde sunke lenger ned i gjørma og var mildt sagt lite hyggeleg selskap) sa til meg at noko av det første ho vart fortalt då ho studerte psykologi, er at når ein har slike dagar, skal ein berre lukke bøkene og late det vere; det er ikkje vits i å presse seg sjølv då. Det skal eg følgje. Problemet er berre at eg synest det har vorte mange slike dagar i det siste.
No er vi i mars. I mai skal eg ha munnleg eksamen, på spansk. Kultur og samfunn i Latin-Amerkika. Samanliknande politikk, historie, og så vidare. På spansk. Eg er ikkje i nærheita - trass i at eg har lært mykje - av å vere i stand til det. Eg kan skrive spansk. Eg kan forstå når det blir snakka til meg. Men sjølv seier eg kanskje to-tre setningar i veka. Slik er universitetet. Det er så lite av grupper og liknande, og ingen er obligatoriske. Slikt dormar ein hen av; det er berre for lett. Alle ambisjonane eg hadde ved byrjinga av semesteret, har blitt skyva gradvis ned i "seinare"-skuffa. Det er berre det at "seinare" før eller, ja SEINARE, vil komme og sparke ein i ræva og tvinge til handling. Og for mykje har vore til at eg kan tillate meg å bryte løftet til meg sjølv om å unngå å skyve livet mitt til "i morgon".
Eg er inne i ei svært sjølvkritisk periode. Det inneber til dømes at eg ikkje kan lese anna enn Nemi dersom eg vil unngå apatisk sjølvdestruktivitet forårsaka av for mange innbilte krav. Eg kan ikkje lese romanen eg held på med, for den fører meg inn i "kva med forfattardraumane dine, kvifor SKRIV du ikkje?"-tankar. Heller ikkje boka eg har om sjølvkjensle, sidan prat om å tre ut av offerrolla og alt-er-mitt-ansvar får meg så lett inn i sjølvbebreiding når eg er slik som no, altså det motsette av det som er målet med slike bøker, noko som i seg sjølv er årsak til ytterlegare sjølvbebreiding. Alle bloggar eg les handlar om jenter som er seg sjølve frå inst til ytterst, får ting til, tek val, reiser ut, følgjer draumar. Eg sit vaken kvar midnatt med ei snikande kjensle av at det er feil. Dagane mine, det eg gjer. Det er noko i meg som vil meg noko, og eg prøvar dagleg å drukne det med "seinare", med å gå på forelesingar, skrive ned planar i avtaleboka og krysse ut, ta bussen til sentrum, ta bussen tilbake. Legge meg, stå opp.
Kanskje gjeld dette oss alle, men det får kvar og ein gjere opp for sjølv. Alt eg veit er at det er noko eg burde gjere, noko som held meg vaken om kveldane. Noko eg burde gjere som eg ikkje gjer.
Faen så modig av deg å skrive dette June. Og du skriv vanvittig bra om noko veldig vanskelig.
SvarSlettKvifor vart det spansk forresten ? Eg elskar spansk og har sjukt lyst å lære det. Og Barcelona er den store draumen.
Eg liker dårlig dei dagane når det kjennes som om alle andre går framover og eg blir sittande i gjørma (som du beskriv det som). Hate it.
Men veit du ka June. Du er på veg. Du beveger deg framover. Få unge jenter har så mykje innsikt i seg sjølv som du har. Og den innsikta er faen meg gull verdt. Det kjennes kanskje ikkje slik ut, men eg lovar deg - det er det.
Og forfattardraumen din, den må du aldri gi opp. Og bøkene dine skal eg lese frå perm til perm. :)
Vet du hva, June? Akkurat slik har jeg det og. Og da mener jeg akkurat slik du har beskrevet det. Tøft av deg å skrive et så åpent innlegg, det hadde ikke jeg turt! Lykke til med alt og jeg håper ting går din vei snart :-)
SvarSlettOm det skulle være en trøst, så er du på ingen måte alene i dette.
SvarSlettJeg har ikke gjort nevneverdig skolearbeid på flere uker; orker ikke, klarer ikke. Jeg er for selvkritisk, og jeg er for sliten.
Og da har venninna di ganske så rett: la det være. Ta en pause og ikke tillatt deg selv dårlig samvittighet. Du jobber med ting selv om du ikke JOBBER med dem. (om du skjønner hva jeg mener?)
Hvorfor du ikke skriver? Antakeligvis fordi du ikke har overskudd, eller fordi du kjefter på deg selv for å ikke gjøre det. Det er min erfaring med det der... jeg er på samme sted nå, og har så absolutt ikke tid til det.
Bloggene du leser er sikkert bra på den måten du sier, men jeg tror også at man velger å ikke dele alt. Jeg skriver ikke om disse tingene for eks. Det er et valg jeg har tatt fordi jeg vil at bloggen min skal være et fristed (for meg) fra slike tanker, da disse opptar med hvert eneste minutt ellers av livet mitt.
Jeg vet ikke en gang om jeg har et poeng her. Jeg vil bare si at det ER greit å ikke være sterk hele tiden. Det er greit å ikke være like flink alltid. Hvis du er det, blir smellen større.
Her for en koppe te om du vil snakke, om hva som helst. <3 <3
Hei, jeg heter Siri. Jeg er en slask og utsetter alt. Fordi jeg utsetter alt, får jeg alltid dårlig tid til eksamen/innlevering/deadline, som igjen gjør at alt blir halvveis (om ikke verre). Velkommen i klubben og takk for et skittent, men fint innlegg. Det er godt at vi er mange!
SvarSlettsv: det var hyggelig å høre!
SvarSlettjeg kjenner meg veldig igjen! etter jeg begynte på videregående har jeg bare utsatt og skyvet bort viktige ting.
sv:
SvarSlettyes, we do. førsteåret. hihi, jotakk!