Sider

søndag 6. mars 2011

Días

1. Må få seie tusen millionar takk til dei som les bloggen og dei som legg igjen så utruleg gode ord, til dømes dei eg fekk på forrige innlegg. Er faktisk sånt som kan redde ein heil dag, dét - og til og med fleire.

2. I går kom sola. Den lokka i alle krikar og krokar.


Så eg sa "okei då". Opna dørene mine, og gjekk ut.



Og så sa Bergen: "Eg har mista meg sjølv. Lyt finna på noko gale."


Noko som sjølvsagt ikkje varte lenge. "Hallo, eg er jo Bergen", sa Bergen.


3. Så fann eg ein tilfeldig boms på bussen / Tom Hanks etter tre år på Cast Away-øya

Så eg tok han like gjerne med heim.

... gav han mat...

... og varme klede...

... og nappa han litt i skjegget...

Det skulle eg ikkje ha gjort...

Bomsen er for øvrig bror min.

(og eg vart eigentleg ikkje skiten av å nappe han i skjegget. Eg vart det etter at han vart det fordi han tok handa inn i peisen vår, av ukjende årsaker. Eg skulle eigentleg kjefte på han, men enda opp med å gjere det same sjølv. Av ukjende årsaker).

12 kommentarer:

  1. Eg skal stappe handa mi inn i peisen din neste gong eg kjem på besøk.

    Elles: Eg likar deg!

    SvarSlett
  2. Og så likar eg jo bror din! Korleis kunne eg gløyme å kommentere det. Eg veddar på at han snik på bloggen din av og til, så: Hei, hei, bror! Berre slik oss sogndøler i mellom ...

    SvarSlett
  3. Ja, og Bergen og tantebarnet ditt. Men nå skal eg ikkje kommentere meir. For i dag.

    SvarSlett
  4. Det var litt gøy å spamme. Dette er siste kommentar. Eg lovar.

    SvarSlett
  5. Du skriver så BRA, June! Alt blir liksom til en morsom liten fortelling med bilder og undertekst, og det liker jeg å lese. Kommer du forresten fra Sogndal?

    SvarSlett
  6. Silje: Søren ta! Eg trudde eg plutseleg var blitt kjendisbloggar når eg såg at der sto "5 nye kommentarar" på berre 1-2 timar :P trur ikkje broderen stikk innom bloggen noko særleg, men han helsar heilt sikkert tilbake! Og du kan få stikke handa opp i omnen alt du orkar; vi har masse handsåpe :)
    Eg likar deg au!

    Trine: Tusen takk! No vart eg skikkelig glad :) eg er ikkje frå Sogndal nei, men frå ei lita bygd på kysten av Sogn og Fjordane. Broren min studerer i Sogndal!

    SvarSlett
  7. Trine: Ho skulle ønske ho kom frå Sogndal.

    SvarSlett
  8. så deilig med sooool.

    SvarSlett
  9. God (som i "gaaaad" ikke namnam), når du og Nora blir gamle nok til å gro skjegg kommer dere til å være kliss like han derre bomsen! :D Ok da, det kan godt være nam nam hvis du vil. Mitt imaginære skjegg er som du vet veldig fint å nappe i, og å tygge på i tankefulle stunder. Smaker litt som jordbær.

    Du får meg til å le så godt!!!

    Fine sokker snuppelura har forresten! Må være laget av et sokke-strikke-naturtalent!

    SvarSlett
  10. For ei herlig søndagsforteljing. Blir berre sittande å smile eg. :)

    SvarSlett
  11. Tusen takk, herlege mennesker!

    SvarSlett