Dag seks: ti ønsker
Éin
Fred alle stader og i alle sinn der det ikkje er fred.
To
To
At dei eg har rundt meg skal ha det bra.
Tre
Tre
At eg skal ha det bra, og ha kraft til å vere den beste versjonen av meg sjølv.
Fire
At det skal opnast opp for å snakke om - eller i alle fall akseptere - alt som ikkje er så lett, sjølv om ein ikkje kan sjå det på utsida.
Fem
At det vil bli slutt på dyretesting, og at firbeinte vil få det betre generelt.
Seks
Å ta mamma med til utlandet ein dag.
Sju
Å ein dag få brukt utdanninga eg kjem til å få til noko som ligg mitt hjarte nær, og at eg vil få ein arbeidsplass med mykje varme.
Åtte
Betre forsøk på å rette opp i den openberre skeivfordelinga mellom nord og sør som verda vår er basert på, altså at vi kvar einaste dag lev av godene til nokon som jobbar ræva av seg for luselønn, og vassar i alt det som dei berre kan drøyme om.
Ni
Ni
At framsidestoff på landet sine største aviser ikkje skal vere så Se og Hør-prega som det er i dag (det inneber at du må slutte å trykke på "Her viser Tori Spelling frem høna si - glem veskehunder, nå er det høner som gjelder" på db.no. Veit det er vanskeleg).
Ti
Akkurat veskehøns er jeg litt interessert i.
SvarSlettHaha :P
SvarSlettDon't dream it's over :)
SvarSlettHer var det mange fine ynskje. Hadde alle desse gått i oppfylling hadde nok jorda blitt ein betre stad.
;)
SvarSlettJa, dei var skrivne på ein litt sånn redd verda-dag.
Eg lærte meg å hekle veka før hekleprosjektet skulle vere ferdig på ungdomsskulen, no har eg gløymt det att, men det gjekk heilt fint!
SvarSlettVeldig mange bra punkter! Spesielt nr 8 og 9, synes jeg.
SvarSlettNr 7: hva tenker du at du vil jobbe med når du er ferdigutdannet?
Ebbs: Haha, konge!
SvarSlettTrine: Tusen takk! Draumen i det lange løp er jo forfattar, men sånn litt meir nært har eg tenkt på f.eks oversetting (med litteraturvitskap og spansk i bunn er jo det ein moglegheit!). Elles, "noko med skriving", som dei seier ;)
Kjekt med listene du deler.
SvarSlettFin måte å bli betre kjent med deg! :)
(forresten har eg hatt dilla på "Dansa på min grav" med Bo Kaspers i fleire månader. Finaste sangen.)
Nummer ti kan jeg definitivt gjøre noe med ;) Nummer ni driver jeg heldigvis ikke med uansett (men jeg ville for min egen del heller erstattet den med "skulle ønske jeg var flinkere til å lese aviser og holde meg oppdatert", så det sier kanskje ikke mye. Syv, vi er i samme bås der.
SvarSlettHege: Takk! Åh, eg trur at eg og du må ha ein slags connection altså; eg høyrer på den songen fleire gongar om dagen!
SvarSlettAnke: HURRA! Gler meg :D Og du, drit i avisene - dei er berre fulle av ... ja, drit, uansett! Og eg likar at sjuaren plasserar oss i same bås, for det er ein fin bås!