Kameraet mitt klarte sjølvsagt ikkje å yte det rettferdighet (men eg er glad i det likevel).
Kunne stirra på det heile kvelden.
Elles hedrar eg verdas poesidag ved å late "Når du er borte" krype under huda for kanskje nittiande gong. Sjølve Diktet blant dikt. Eit av dei første eg lærte meg utenat, som relativt lita jente. Eg føler meg framleis som ei lita jente når eg les det, det håpar eg at eg alltid kjem til å gjere. Ei lita jente med store kjensler.
Nærast er du når du er borte.
Noko blir borte når du er nær.
Dette kallar eg kjærleik;
eg veit ikkje kva det er.
Før var kveldane fylte
av susing frå vind og foss.
No ligg ein bortgøymd tone
og dirrar imellom oss.
Tekst: "Når du er borte" av Tor Jonsson
Diktet eig, for å seia det slik!
SvarSlettSå kraftig óg!
SvarSlettNydelig dikt og nydelig bilder.
SvarSlettTusen takk, Hege!
SvarSlett