Sider

torsdag 31. mars 2011

It's like taking a guess when the only answer is yes


Dag sju (det sto ingenting i utfordringa om at dagane måtte komme etter kvarandre!): 

Ti beste kjensler


Éin
Når du innser at ingenting vart slik du trudde, og på ein god måte. 

To
Når du har klart å gjennomføre noko du har grudd deg veldig til. 

Tre
Når du ser tilbake og skjønar at livet er rikare enn du noko gong kunne forestilt deg. At redslane for framtida er totalt meiningslause, for instansen du har til å frykte med - deg sjølv - er i konstant utvikling. Slik at når det du fryktar mest likevel skjer, har du endra deg til ei som kan overleve det, og kanskje til og med gjere det til ei stor styrke.


Fire
Å finne att noko ein hadde mista. 


Fem
Å oppleve gjensynsglede, anten ein sjølv eller gjennom andre. (Dersom sistnemnde: flyplassar og tog-/busstasjonar) 

Seks
Når verda sine lause trådar samlar seg og du pustar inn lufta i djupe drag, kvar enn du er - ein dag du går tur i regnet, sit på eit buss-stopp, kva som helst - og  du veit at det er akkurat der du skal vere. 

Sju
Å gå ut frå eit eksamenslokale etter semesteret sin siste eksamen.


Åtte
Å kjenne ei lukt, høyre ein song eller lyd, eller på ein eller anna måte oppleve eit uventa sanseinntrykk som dreg deg tilbake til det å vere seks år og på kvitveis-jakt i barnehagen, eller elleve år og springe rundt i hagen i gummistøvlar med to kattar og ei kanin i hælane. Also known as nostalgi.

Ni
Latterkrampe.

Ti
Å føle at formuleringane sit. At orda som myldrar som maur på papiret eller skjermen, bestem seg for å vere godvener med deg, og stiller seg opp i rekkjer slik du vil (men ikkje kan gje instruksjonar om). Så du nesten berre kan lene deg tilbake i kriblinga som seier "jess".

7 kommentarer:

  1. :D Jeg gleder meg til du kan skrive forelskelse på den lista! It'll come!

    Liker Mraz-tittelen.

    SvarSlett
  2. Og Albert Camus...tommelopp!

    Jeg fant et annet sitat i England som jeg fant igjen på mobilen min idag. Det var så meg, følte jeg...

    "I believe that everyone else my age is an adult whereas I am merely in disguise." (Margaret Atwood)

    SvarSlett
  3. Det gler eg meg til óg :) Ser ikkje lyst ut foreløpig.

    Ja, såg du hadde skrive det på facebook. Veldig deg!

    SvarSlett
  4. fine følelsa. :)

    Min beste trur eg er når eg drøymer så hardt at eg trur det er virkelig, for så å våkne og kjenne kor fantastisk deilig det var at det var drøm og ikke virkelighet.
    Kjennes nesten som fly (trur eg), så letta blir eg. :)
    (Dette gjeld kun ubehagelige drømmer, sjølvsagt).

    Sist vart eg tatt på fersken mens eg sneik rundt i naboen sitt hus. Våkna med kjempehøg puls og var skikkelig redd og flau. :)

    SvarSlett
  5. Haha :D Ja, det er eg einig i at er ein knall følelse!

    SvarSlett
  6. <3 <3 <3 på punkt 3.
    Og smil og godfølelse til punkt 10 :)

    SvarSlett