Sider

mandag 28. mars 2011

Domingo

I går var eg flink husmor. Tok meg av min lenge forsømte plante, Trygve; han fekk vere med inn på rommet og få lys og frisk vårluft frå glaset. I tillegg tørka eg støv av han, kvart einaste minste blad, og fortalde han om dagen min. Vi har eit nært forhold, kan du seie. Han er mannen i mitt liv, faktisk. Det har han vore i over tre år no.


Eg fekk dessuten festa trådar på lappar, og strikka nye, til det som skal bli eit stort lappeteppe av restegarn ein dag.


Men det stoppar ikkje der! Hånei, du. Eg fekk óg rydda i skapet mitt slik at eg fekk plass til alle gensarane, eller overdelane som ho mor seier, i éi hylle.


.... Slik at eg fekk ei heilt tom ei, som eg kunne bruke til langt viktigare ting.

Måtte så klart posere med ulike OUTFITS, for OUTFITS er viktig når ein skal ha blogg, har eg skjønt.
Og vi vil vel ikkje miste nokon av dei tre lesarane våre, June? Nei, det vil vi ikkje. Preciousssssssssss...

Uansett.
Så var eg ferdig med å vere husmor, og då brukte eg resten av dagen til å sjå filmar og seriar, stire i veggen, ikkje lese spansk, og sjå på bilete av fuglen som har flyge til Afrika.

9 kommentarer:

  1. Nei, så kult.

    You know how to take care of your man! :)

    Og du er flink til å strikke, rydde og lage kule animasjonar. Eg er flink til å trykke foran dataen. Blir umotivert av dritværet.

    SvarSlett
  2. haha! love it <3 særskilt outfitsa, det må eg berre sei :D

    SvarSlett
  3. Hege:
    Hehe, takk! Han er ganskel ettstelt, eigentleg ;)
    Det du er flink til, å trykke framfor dataen, er det eg er flinkast til! Satsar på at våren vil redde oss snart.

    Martine:
    Takker! Eg la verkeleg sjela mi i dei, altså. Legg merke til at sokkane nesten er reine!

    SvarSlett
  4. Trygve, det heiter bror min også, så eg måtte flire litt.

    SvarSlett
  5. Liker! Spesielt lappetepp(e)prosjektet ;)

    SvarSlett
  6. Eg trur eg vart litt forelska i fargane i overdelhylla i klesskåpet ditt!

    SvarSlett