Sider

søndag 27. mars 2011

You show the lights that stop me turn to stone

I dag har vore ein sånn dag der eg sov til eg vakna (noko veldig óg). Der vårsola har lokka meg ut, og eg har gått. Utan anna for auget enn å ta med boka eg les og sette meg ned på ein benk. Der eg har tatt ein avskjed og vore nær ved å springe etter eit tog. Der eg har hatt eit herleg besøk, lete timane passere i fredfull fryd. Der eg har fått ei hjartegåve. Der eg har kjent på takksemda over alle mine, over det eg har inni meg, og at eg føler eg er verkeleg på veg til å finne tilbake.

Der eg tenner lys ved dagen sin slutt, høyrer på spelelister eg har fått, og tenker at det beste er å kjenne at ein lever. Med heile spekteret.

2 kommentarer: